Hamna bak Nederlandsk triumf
Håvard Bøkko gjekk 10 sekund raskare på dagens 5000 meter enn sist veke. Det gav sjetteplass i Kolomna.
Håvard Bøkko gjekk på tida 6.17,51. Det var kappe to sekund framfor Sverre Lunde Pedersen som dermed tok plassen bak. Ingen av dei klarte å slå nederlendarane som dominerte distansen endå ein gong. Fire mann fekk dei øvst på lista. Sven Kramer vann med tida 6.10,62.
Håvard var likevel godt fornøgd med løpet. På Twitter skriv han i ettermiddag at han har ei bete kjensle etter dagens løp enn han hadde før. Han vedgår nederlendarane er i ei klasse for seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Better 5k today! Ten seconds faster than last weekend, and a much better feeling. Still some dutch boys in their own league!», skriv han.