Sommarturistane køyrer i kø på Rv7 om dagen. Her vest for Gol.

Hallingdal størst mellom aust og vest

Liten tvil om kor turistane legg vegen mellom aust og vest i sommar: Gjennom Hallingdal.

Den store trafikken har vore merkbar siste vekene. Tala frå Statens vegvesen stadfestar då også at turistane brukar Hallingdal som feriestad og transportåre. Ikkje rart reiselivet jublar etter fleire månader i koronadvale.

Mange bilar

Statens vegvesens eigne tal frå dei ulike teljepunkta for veke 28 (12.-18. juli) viser kor mange bilar som er registrert:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Rv7 Flå: 63.415

* Rv7 Hardangervidda (Lappestein): 31.380

* Rv52 Hemsedalsfjellet (Bjøberg): 19.500

* Fv50 Hol-Aurland (Geiteryggtunnelen): 6127

Mykje trafikk på Rv7 mellom Gol og Nesbyen.
Les også
Trafikktrygge Hallingdal
Les også
Støttar bompengeplanen

Oppgang frå 2020

Tala ved teljepunktet frå Flå frå same veke i 2020 viser ein oppgang på snautt 2000 køyretøy. For også i fjor var det ein sommar med rekordstor trafikk.

Stor ferietrafikk

Frå veke 25, med start måndag 21. juni, har trafikken auka jamt veke for veke på Rv7. Ved teljepunktet Lappestein på Hardangervidda har utviklinga vore slik:

* Veke 25: 16.500 køyretøy

* Veke 26: 20.400

* Veke 27: 23.500

* Veke 28: 31.380

E16 gjennom Valdres over Filefjell er ikkje i nærleiken av den same trafikken som i Hallingdal. I veke 28 vart det registrert 12.387 køyretøy ved teljepunktet i Filefjelltunnelen.

E134 over Haukelifjell er normalt den mest trafikkerte fjellovergangen mellom aust og vest. Men Statens vegvesen har ikkje oppdaterte trafikktal for juni og juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikk over Hemsedalsfjellet

Ved teljepunktet på Rv52 på Bjøberg har trafikken auka jamt siste vekene:

* Veke 25: 11.073 køyretøy

* Veke 26: 13.129

* Veke 27: 15.826

* Veke 28: 19.500

Les også
Opna kafe og båthamn på høgfjellet
Les også
Køyrde utan løyve, stoppa i kontroll, køyrde vidare, stoppa på nytt
Les også
Opna kafe og båthamn på høgfjellet
Les også
Ein person koronasmitta i Gol - fekk symptom under arbeid
Les også
Blodig mann gjekk laus på hytte med øks