Bjørn Håvard Steinnes (bak) og Per Torbjørn Ruud er klare for VM i dynamisk skyting.

Hallingar klare for verdsmeisterskap: — Etter to år på rad der me har hamna på sølvplass, er gullsjansane våre absolutt til stades

Om nokre få dagar set Bjørn Håvard Steinnes og Per Torbjørn Ruud kursen mot Finland. Der ventar verdsmeisterskap i dynamisk sportsskyting.

– No har me gått igjennom dei siste førebuingane og terpa mykje på skytinga, fortel Steinnes.

Før avreise til VM neste veke har dei to skyttarane frå Ål og Torpo unnagjort siste skytetrening. No ventar høg konkurranse frå mange ulike nasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med to andre skyttarar frå Norge er det dei som skal representere landet under kategorien standard rifle.

Dynamisk skyting er kjenneteikna av høge krav til presisjon, fart og strategisk tenking. Denne greina innan skytesporten trekker til seg nokon av dei aller beste utøvarane i heile verda.

Patronene 223 REM blir her stappa inn i magasinet.
Dynamisk Sportsskyting

Dynamisk sportsskyting (IPSC) omfattar pistol, revolver og rifle. Mål kan vera pappskiver, stålmål og mål som rører på seg bak ulike hinder.

Norge har ein landslagstropp for rifle og ein for pistol. Landslagstroppen går under nemninga satsingstroppar.

Kjelde: dssn.no

Per Torbjørn Ruud demonstrerer skyting på blink.

Godt førebudd

Dei er begge medlemmar i Uppheim skyttarlag, og det er her treningane blir unnagjort før meisterskapet.

Det store målet deira er å kunne reise heim med gullmedaljen.

– Laggull er det store målet vårt. Etter to sølvplass år på rad, er gullsjansane våre absolutt til stades, seier Ruud.

Til VM i Finland kjem det nærare 400 deltakarar. I konkurransen som Steinnes og Ruud skal konkurrere i vil det vere tolv nasjonar som deltek.

Kven reknar de som dei største konkurrentane?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vertsnasjonen har mange gode skyttarar, og det same med USA. Fleire av utøvarane frå desse landa lever til dagleg av å drive med skyting og arbeide som instruktørar. Her er for eksempel også fleire sponsorar involvert. Dette gjeld til dømes ikkje oss, som må balansere denne hobbyen ved sida av jobb og familieliv.

Under konkurransen står blinkane mellom 50– og 300 meter unna.

Små detaljar

Skyttarane konkurrer individuelt gjennom ulike løyper kalla «stages». Her er målet å oppnå flest poeng på kortast mogleg tid.

Kvar løype inneheld fleire skyteskiver. Skyttarane må flytte seg mellom ulike posisjonar, og skyte frå utfordrande vinklar og hindringar.

Før sjølve konkurransen går av stabelen, får deltakarane høve til ein såkalla «walkthrough» av løypa. Der blir skyttarane blir følgd av ein skyteleiar.

Leiaren skal sørge for sikkerheit og sjå til at reglane blir følgde. Personen tek også ansvar for tida og poeng.

Steinnes seier det er mykje å tenke på undervegs i konkurransen.

– Ein går inn i modus og blir veldig konsentrert i augeblikket. Når pulsen aukar, kjem gjerne nervane også, så det gjeld å halde ei god gjennomføring heile vegen.

VM i Finland skal gå over fem dagar, med 30 ulike banar skal skyttarane konkurrere på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utøvarane brukar den semiautomatiske rifla AR-15 under konkurransen.