Hallingdølen-redaktør Bjarne Tormodsgard (t.v.) var fornøgd med resultata frå den omfattande lesarundersøkinga. Seniorrådgjevar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion (i midten) og redaktør for innhaldsutvikling i Amedia, Erling Brøndmo, let seg imponere over Hallingdølens posisjon i Hallingdal.
Hallingdølen-redaktør Bjarne Tormodsgard (t.v.) var fornøgd med resultata frå den omfattande lesarundersøkinga. Seniorrådgjevar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion (i midten) og redaktør for innhaldsutvikling i Amedia, Erling Brøndmo, let seg imponere over Hallingdølens posisjon i Hallingdal.

Hallingane likar Hallingdølen

900 hallingar har delteke i Hallingdølens lesarundersøking. Måndag vart resultata presentert.

Og dei to som presenterte resultata, seniorrådgjevar i marknadsanalyseselskapet Opinion, Ola Gaute Aas Askheim, og redaktør for innhaldsutvikling i Amedia, Erling Brøndmo, spara ikkje på kruttet.

– Det er uhøyrt. Det skal ikkje vere mogleg. Dette er uoffisiell verdsrekord i fornøgde lesarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterke tal

For undersøkinga viser at hallingane er fornøgde med lokalavisa.

– Når det gjeld fornøgde lesarar, har Hallingdølen tal me aldri har sett maken til. Avisa står sterkt i alle kommunar. Lesarane er fornøgde med alle sider av avisa. Både med det redaksjonelle innhaldet og profilen, seier Askheim som har gjennomført tilsvarande undersøkingar for dei fleste av Amedias godt 70 aviser.

Mellom anna får Hallingdølen 421 poeng på det som er omtala som «tilfredshetsscore», eller andel fornøgde lesarar. Landsgjennomsnittet er 217. På tabellen for «relasjonsscore» – andel som oppfattar Hallingdølen som viktigaste nyheitskanal – får Hallingdølen 444 poeng. Her er landsgjenomsnittet 255. – Slike tal har me aldri sett før, understrekar Askheim.

Lesarundersøking.
Lesarundersøking.

Marknadsanalysen syner at godt åtte av ti les Hallingdølen – på papir, nett og mobil. Vidare at 78 prosent av husstandane i Hallingdal abonnerer på avisa.

Grundig undersøking

Lesarundersøkinga er utvikla av Opinion og Amedia og har vore i bruk sidan 2006.

– Dette er den grundigaste lesarundersøkinga ein gjer i Norge i dag. 900 hallingar utgjer eit representativt utval over 15 år, seier Aas Askheim.

– Grundigare blir det ikkje. Feilmarginane er små, seier Brøndmo.

– Kva kan vere årsaka til dei gode resultata for Hallingdølen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk leiter alltid etter limet i lokalsamfunnet. Hallingdølen er dette limet, seier Brøndmo og Aas Askheim.

– Korleis skal avisa møte framtida?

– Utfordringane blir å ta vare på posisjonen som truverdig nyheitsformidlar. Digitaliseringa skjer her også, og den må møtast offensivt.

Ser berre framover

Redaktør Bjarne Tormodsgard kan ikkje skuldast for ikkje å vere offensiv.

Men trass gode lesartal og spådommar om lyse utsikter, let ikkje Tormodsgard seg blende.

– Tala frå undersøkinga er fantastiske og resultatet gledeleg. Men me må berre jobbe vidare. Det er viktig å høyre kva lesarane meiner om oss. Mellom anna viste undersøkinga at me må nå aldersgruppa 20–39 år betre, seier Tormodsgard.

82 prosent av dei spurde oppgav Hallingdølen som viktigaste kjelde til lokale nyheiter. Til samanlikning skårar NRK Buskerud 6 prosent og Facebook 9 prosent. Dette er tal som varmar redaktøren i vinterkulda.

– Åtte av ti hallingar les Hallingdølen. Det er høgt. Posisjonen vår er sterk, faktisk sterkare enn eg hadde trudd og kva som er vanleg i avis-Norge. Dessutan syner undersøkinga at papiravisa står svært sterkt blant lesarane våre. Både som nyheits- og annonsekanal. Med denne undersøkinga har me fått svar på ei rekkje spørsmål. Svar me vil bruke i arbeidet med å vidareutvikle Hallingdølen, understrekar Tormodsgard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medieforskar Sigurd Høst trur mykje av Hallingdølens gode tal i lesarundersøkinga botnar i solid satsing på innhald.

– De kan lage den avisa de vel med dei ressursane som trengst. Hallingdølen har redaksjonelle musklar mange andre ikkje har. Det trur eg lesarane merkar over tid, seier Høst.

Medieforskaren har hytte i Gulsvik, og er dermed ikkje ukjend i distriktet.

– De er heldige i Hallingdølen med eit område som har ein tydeleg identitet. For det er jo nesten eit under at området heng saman med så lange avstandar som det er frå Gulsvik til Hol. Men de har greidd å halde området saman. De er også heldige som har unngått nedskjeringar andre aviser har gjennomført, seier Høst.

Men trass prisvinnande arbeid år etter år og gode lesartal: Også i Hallingdølen merkast det etter kvart at kvardagen er tøffare enn tidlegare, slik normalen no har vorte i Avis-Norge.

– Korleis vurderer du åra framover?

– Det er vanskeleg å seie noko om. Det beste ein kan håpe på er ein svak nedgang. Skrekkscenarioet er at papiravisa blir borte, men eg trur nok Hallingdølen vil leve som papiravis rimeleg bra om ti år også.