Grunnen skitnare enn venta

Grunnen under den gamle skytebanen i Skurdalen kan vere meir forureina enn ein har gått ut frå.

Fylkesmannen i Buskerud ber om at kommunen følgjer opp mogeleg grunnforureining i dette området. Saka kjem opp i samband med planen for ny skytebane i Sør-Skurdalen.

Fylkesmannen har motteke uromelding om mogeleg høgt innhald av gammal ammunisjon på den gamle skytebanen. Fylkesmannen registrerer at fare for forureining frå den gamle banen ikkje er utgreidd i den plansaka som nyleg har vore til behandling i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbakeføring til skog

Den nye skytebanen er planlagt eit par hundre meter lenger vest enn eksisterande bane. Ved bygging av ny bane skal den gamle leggjast ned og området tilbakeførast til skogbruk. Etter planforslaget skal den gamle banen sanerast før den nye skytebanen blir teken i bruk. Saneringa skal omfatte fjerning av skiver, skivefundament, grav, kulefang, standplassbygg og utedo. Ifølgje planforslaget er det einaste kjende miljøfaglege forholdet ved den gamle skytebanen, at materialet i kulefanga kan forventast å innehalde ein del tungmetall frå prosjektil. Dette materialet skal fjernast.

Grunnforureining i området er ikkje undersøkt. Det er heller ikkje gjort undersøking rundt avrenning.

Nye opplysningar

Fylkesmannen gav uttale til planforslaget 10. april i år. Men i ei uromelding som kom i forrige månad, vart ein kjend med at det kan vere ei meir omfattande forureining av grunnen ved den gamle skytebanen. Det kom tips om at også grunnen utanfor kulefanga kan innehalde mykje gammal ammunisjon. Dette skuldast at skytebanen skal ha vorte nytta til fleire typar skyting enn det som er oppgitt i planforslaget (100 m/200 m riflebane og pistolskyting).

Fylkesmannen var ikkje kjend med desse forholda då uttalen vart gitt i april. Hol kommune blir bedt om å følgje opp mogeleg grunnforureining i området og eventuelt ta kontakt med fylkesmannen for nærare avklaring.