Grenda har rekordstor vekst: – Me vart oppmoda om å lage barn. No har me svara
Ingen grend i Hol har like høg folketalsvekst som Hovet. No meiner bygdefolket kommunen må støtte utviklinga og bruke pengar på å ruste opp svømmebassenget.
Midt i budsjettarbeidet for 2022 har dei ein klar bodskap til kommunestyret:
– Viss dei meiner alvor når dei seier dei skal satse på grendene, må tilboda haldast oppe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aktiv bygd
Hallingdølen møter eit titals høværingar torsdag ettermiddag. Staden er biblioteket og det som er eitt av treffpunkta i fjellbygda.
Men svømmebassenget vegg i vegg er stengt. Og i budsjettforslaget politikarane no er i gang med å behandle, er ikkje bassenget prioritert. I staden ligg det føre eit forslag om å løyve i overkant av seks millionar til bassenget ved Hallingskarvet skule.
– Me skjønar at dei treng bassenget, men dei burde prioritert Hovet først. Bassenget på Hallingskarvet er jo oppe, det blir ikkje stengt, seier Marte Andersen.
Dei har mobilisert for å vise at det er eit behov for svømmebassenget. Tidlegare i haust fekk dei ein lovnad om at det skulle settast av pengar til bassenget. Men då budsjettforslaget låg på bordet, var det teke ut.
– Då skulen vart lagt ned, vart det lova at tenestetilbodet her skulle haldast oppe. Dette skal vere eit aktivitetssenter, meiner innbyggarane.
Viktig tilbod
Engasjement og dugnadsånda er sterk i Hovet. Mange lag og foreiningar er aktive med mange arrangement. Velforeining og grendelag tek tak og ønskjer nyinnflytta velkomen med husbesøk.
– Kommunen må påskjøne arbeidet som blir gjort, meiner dei.
– Kvifor er det viktig å ha eit basseng?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bassenget er viktig for aktivitet og folkehelse. Det er viktig for innbyggarane og for barnehagen, seier Andersen, og held fram:
– For oss som bur her, er tenestetilbodet viktig. Og eit godt tilbod kan vere med på å legge grunnlaget for at ungane ein gong flyttar heim.
Generasjonsskifte
Og dei har sterke tal å vise til. Befolkningsstatistikken for Hovet må vere som ein draum for leiinga i kommunen. For blant grendene er det berre i Hovet det er vekst i aldersgruppa 16-66 år. Mange har flytta hit siste fem åra frå mellom anna Oslo-området, Vestlandet og Trøndelag.
Barnehagen er full. Det er tydeleg at det har vore eit generasjonsskifte.
– Det er 17 barn som me veit om i aldersgruppa 0-5 år, seier Andersen.
I 2022 er det fødd fem barn og fleire er på veg i 2023.
– Berre i august vart det fødd tre, seier Andersen.
Innbyggarane frir no til politikarane som skal vedta budsjettet tidleg i desember. Kanskje finn dei plass til bassenget likevel? Meldinga til kommunestyret og kommunens leiing er iallfall klar:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me vart oppmoda om å lage barn. No har me svara.