Bjørn Eidsvåg har følgt Karsten Isachsen sidan på 70-talet.
Bjørn Eidsvåg har følgt Karsten Isachsen sidan på 70-talet.

Gratulerer på det varmaste

– Karsten Isachsen bragte inn i kyrkja det at det er lov å både bruke og ta vare på sine eigne kjensler. Han har gjort det lettare å vere i kyrkja.

Det seier ein begeistra gratulant, Bjørn Eidsvåg, til Hallingdølen.

Artisten har følgt Isachsen sidan 70 talet. – For meg som voks opp i eit lågkyrkjeleg miljø vart bekjenskapet med Karsten befriande og viktig. Karsten skapte ventilasjon i den norske kyrkja, seier Eidsvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsatsen til Isachsen har gått langt ut over kyrkja og dei kristne miljøa. Gjennom foredrag og seminar har han nådd ut til heile landet.

– Han starta med det som i dag blir kalla coaching og mindfullness lenge for desse uttrykka kom allment i bruk. Utan manus fylte Karsten konserthuset kveld etter kveld. Det var nesten så me som reiste rundt med band og styr vart misunnelege, humrar Eidsvåg.

Hallingdølen når han på hytta i Skurdalen. – Eg kosar meg her. Det at eg er her oppe er også takka vere Karsten Isachsen, seier Bjørn Eidsvåg.