Framleis trøbbel - Rv7 er farbar, men ikkje gjennom Ål
Rv7 er farbar frå Ål og nedover, men er framleis stengt vest for Ål sentrum
Tre representantar for Statens vegvesen og entreprenøren Presis vegdrift var torsdag formiddag på synfaring på brua på Rv7 som kryssar elva Kvinda, vest for Ål sentrum.
– Ikkje så ille
Elva går framleis flaumstor. Det synte seg at ho hadde funne nytt løp like før brua, slik at det eine brukaret hadde flytta på seg. Dette medførte at heile vegdekket i over 20-40 meter har sokke saman og krølla seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette var ikkje så ille som me hadde trudd. Skaden bør vera relativt enkel å reparere, seier byggeleiar Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen.
– Kva vil det seie i dagar og timar?
– Me håpar å ha fiksa dette i løpet av helga.
– Kva er situasjonen for Rv7 vestover?
– Det er det me skal sjå på no.
Status på vegen
I dei nedre delane av dalen ser det langt lysare ut. Då Hallingdølen var i kontakt med Statens vegvesen onsdag kveld, sa Bråten at det var vasstanden som ville avgjere når vegen kunne opne.
Med unntak av bru over Hemsil i Gol trudde dei vegen ville vere god nok til at den kunne opne om vatnet berre trekte seg tilbake.
Det har det gjort i løpet av natta. Då Hallingdølens reporter i Flå sette seg i bilen i retning Nesbyen torsdag formiddag, kom han seg tørrskodd heilt til Nesbyen. Vatnet er borte frå vegen på dei mest kritiske punkta; ved Bromma og Liodden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter å ha stengt vegen i periodar torsdag syner no appen til vegvesenet at Rv7 berre er stengt følgande stader:
Ål: Ved Strandafjorden, Tune, Ferieparken og Torpo.
Gol: Mellom Biltema og Glitre.
Nesbyen: Mellom innkøyringa til Alfarvegen syd og sentrum.
Rukkedalsvegen er også framleis stengt.
Ingen problem sørover
I Nesbyen er det framleis omkøyring via Alfarvegen.
Det er open veg også mellom Nesbyen og Gol. Som nemnt er det brua der Hemsil kryssar Rv7 som skapar trøbbel - her herjar vatnet framleis vilt, og vegen er øydelagt.
– Kan ein køyre tørrskodd frå Flå og heilt til Ål no, Bråten?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, med omkøyring på Nesbyen på grunn av opprydding, bekreftar han i 13-tida torsdag.
Det er mogleg å køyre både inn og ut av Hallingdal også. Så vidt Hallingdølen kjenner til er det ingen problem på Rv7 vidare nedover mot Oslo.
Rv52 til Hemsedal er open, slik den har vore gjennom heile veka. I 13.30-tida torsdag opna også Fv50 Hol-Aurland.
Vegen gjennom Rukkedalen i Nesbyen er framleis stengt. Kommunen har bedt folk ikkje bruke vegen meir enn nødvendig. For dei som likevel ferdast der har åtvara om at det kan vere både mangelfull skilting og sikring av vegen.