Gladmelding: No blir det lov å klemme på sjukeheimen!
– Bebuarar som er vaksinert trenger ikkje halde avstand. Der blir lov å klemme på sjukeheimen att frå neste veke!
Det sa helseminister Bent Høie på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Det er ein hyggeleg beskjed å få for alle som bur på sjukeheim, og dei besøkande. Råda for sjukeheimar vil bli endra frå neste veke, med bakgrunn i at dei aller fleste bebuarar landet over no er vaksinert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik er det også i Hallingdal, kommunane er omtrent i mål med vaksinering ved sjukeheimane. Snart kjem det altså nye besøksreglar frå sentralt hald.
– Me håpar vaksinen hindrar at dei som er vaksinert smittar vidare, seier Høie.
Helseministeren prata vidare om eventuelle lettingar på tiltak. Her vil regjeringa framleis vere forsiktig.
– Me har sett kva som skjer med land som opnar opp for tidleg. Dei har fått auka smitte og nye nedstengingar. Me kan ikkje vite når det neste utbrotet kjem, men me veit at det kjem, seier helseministeren.