Glad legane fann kreften tidleg
- Eg har vore utruleg heldig, seier Sverre Gabrielsen.
For 25 år sidan døydde far hans av prostatakreft, 72 år gammal. Sidan har Sverre Gabrielsen frå Gol alltid hatt i bakhovudet at han kan bli ramma av same sjukdom.
- Sidan eg var 50 år har eg gått til sjekk hjå fastlegen to gonger i året, fortel 64-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 2007 var det noko som ikkje stemte med blodprøvene. Sverre vart sendt til urolog Leif Arne Hunderi på Ringerike sjukehus. Han tok vevsprøver og fann ei forandring i prostatakjertelen.
Merka ikkje noko
- Han ringde meg ein fredag då eg var på veg heim frå jobb, og sa at eg måtte kome ned for ein prat. Den helga vart øydelagt, minnest Sverre.
I to veker gjekk han og grubla, og begynte å tenkje negativt. Han hadde ikkje merka noko på kroppen, og hadde gått lenge og trudd alt var bra. Då han kom til sjukehuset, fekk han kreftdiagnosen.
- Eg vart jo litt redd. Eg håpte inderleg at eg kunne få fjerna kreften, slik at eg ikkje lei same lagnad som far min, seier han.
Stille
Nokre månader seinare vart han operert.
- Eg kunne velje behandling, men Hunderi tilrådde kirurgi, så det vart løysinga. Det gjekk veldig greitt. Eg har fått veldig god behandling, og har kome meg bra i ettertid, fortel golingen.
Kreften hadde ikkje spreidd seg, og han trong ikkje cellegiftbehandling.
- Eg var heldig som fekk operert meg så tidleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han skulle ønskje det var meir opplysing rundt sjukdommen, som er den mest vanlege krefttypen.
- Det er så utbreidd, men dei fleste pratar ikkje om det. Mannfolk er kanskje ikkje så flinke til å prate om ting, før ein treffer nokon i same situasjon. Hallingdal er ikkje så stort. På sjukehuset vart det litt slik «Jøss, er du her?». Så begynner ein å prate, fortel han.
Kan spare liv
Sverre har fått god oppfølging i ettertid av operasjonen. I haust vart han friskmeldt av urologen.
- No føler eg meg ganske fri for tanken på at kreften kan koma att. Eg tenkjer ikkje på det lenger.
Han har fire søner, som alle har fått seg ein tankevekkjar. Sverre har råda dei til å undersøke seg jamleg frå dei er 50, slik han gjorde.
- Eg ser i ettertid at eg gjorde heilt rett. Eg håpar inderleg fleire går til legen, eigentleg burde alle gjera det. Det kan spare mange liv, seier Sverre.
Eg håpar inderleg fleire går til legen, eigentleg burde alle gjera det. Det kan spare mange liv.
Sverre Gabrielsen