Knut-Halvor Engebakken (f.v.) og Sigurd Sato jobbar på helsetunet på Gol. Her med Aase Flaathen. Ho har mykje med Sato å gjere, med tanke på at han er vidareutdanna innan rehabilitering.
Knut-Halvor Engebakken (f.v.) og Sigurd Sato jobbar på helsetunet på Gol. Her med Aase Flaathen. Ho har mykje med Sato å gjere, med tanke på at han er vidareutdanna innan rehabilitering.

Gjekk over til omsorg

Knut-Halvor Engebakken (59) og Sigurd Sato (58) angrar ikkje på ei omskolering – faktisk burde alle prøve det ein gong i livet.

– Før var det betre økonomiske tider i skogbruket, seier Sigurd Sato (58).

Det er ikkje lett å vere skogsarbeidar i dag. Det var ein av årsakene til at Sato i 2003 valde å skifte kurs.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg lånte meg nokre fagbøker innan helsearbeid, og begynte på utdanninga. I november 2004 fekk eg fagbrevet som helsearbeidar. Eg kjøpte gardsbruket mitt av onkelen min i 1978. Eg tok meg av han til han flytta på helsetunet i Ål i 1985. Der budde han fram til 1997. Eg vart veldig inspirert av arbeidet pleiarane gjorde der, forklarer Sato. Dette var noko av grunnen for at valet fall akkurat på helsearbeid då han skulle omskolere seg. Han ville ha ein ny jobb ved sida av skogsarbeidet, som han framleis driv med på si. Han har også frå før hatt ei genuin interesse for helsearbeid, mellom anna gjennom Røde Kors.

– Når det gjeld omsorg for gamle og sjuke, har eg alltid hatt ein tanke om at dei som treng mykje hjelp har rett på eit verdig liv. Hovudmotivasjonen i jobben min, handlar om verdigheit.

Var heilt ferdig

Knut-Halvor Engebakken tok omskoleringa eit par år før Sato. Han skulle tilbake i jobb etter fleire år på attføring, og måtte ta ei ny retning.

– Eg har jobba med alt mogleg innan bygningsarbeid. Då eg skulle tilbake i jobb, gjekk eg først fagskule for bygg og anlegg, utan å forstå at det var noko eg var ferdig med. For eg var fullstendig ferdig. I dag går eg ikkje inn på ein byggeplass ein gong. Eg begynte difor på grunnkurs i helsearbeid og tok allmennfag ved sida av. For eg hadde tenkt meg vidare, eg.

Planen var opphavleg barnevernspedagog eller vernepleie, men krava til karakterar var svært høgt den perioden han søkte, så han kom ikkje direkte inn.

– Seinare gjekk snittet ned, men då hadde eg plutseleg blitt åleinepappa, og kunne ikkje flytte frå ungane mine.

Bransjen treng menn

Dermed vart det Gol helsetun på han også. Han hadde litt kunnskap om arbeidsplassen sin frå før.

– Eg jobba først som vaktmeister her, og då ser ein det som skjer. Men det låg likevel så fjernt frå meg at eg skulle begynne å jobbe med dette. Det er ikkje til å fatte kor fjernt det var for meg. Dessutan, før hadde jo ein blitt nærmast ledd av om ein ville drive med noko slikt. Sjølv når eg starta, var det nokre som syns det var rart, seier Engebakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge taklar at det er kvinner som dominerer innan omsorgsjobbane, og at dei er framleis i overtal. Dei to er likevel skjønt einige om at det også trengst menn i denne bransjen.

Vidareutdanning

Dei har begge teke vidareutdanning innan helsefaget. Sato har utdanning innan rehabilitering. Engebakken har tidlegare teke geriatri og held no på med ei fordjuping i psykisk helsearbeid.

– Me får sjå om eg blir ferdig før eg blir pensjonist då, humrar han.

– Korleis er det å studere som vaksen?

– Det er klin galskap. Men den dagen ein sluttar å lære, er ein ferdig. Men me dreg også nytte av å ha nokre år på baken. Ein kan bruke mykje av livserfaringa si i studiearbeidet, og veit kva ein kan sile ut.

Alle burde gjere det same

Karane angrar ikkje på at dei valde å ta steget. Dei meiner begge at alle burde omskolere seg ein gong i livet.

– Kvifor?

– Ein går jo glipp av noko om ein ikkje gjer det, ei ny erfaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var luta lei. Og eg var lei av å jobbe ute alle desse vintrane og fryse. Eg sa til meg sjølv at eg aldri skulle fryse meir, seier Engebakken.

– Og eg hadde jo hogd ut den finaste skogen, så det var ikkje så mykje att, supplerer Sato.

Noko av det dei likar best er variasjonen frå dag til dag og at pasientane også er forskjellige.

– Men det viktigaste for oss er at me kan ta hand om pasientane på ein verdig måte, seier dei.

Eg jobba først som vaktmeister her, og då ser ein det som skjer. Men det låg likevel så fjernt frå meg at eg skulle begynne å jobbe med dette.

Knut Halvor Engebakken