Gjekk frå verst råka til smittefri
Hol var blant dei hardast koronaramma kommunane i landet. No er kommunen erklært smittefri.
— Men det betyr ikkje at me kan senke skuldrene. Eit nytt ukontrollert smitteutbrot er det siste me ynskjer oss. Difor må me fylgje retningslinene og tiltaka som kjem frå sentralt hald, understrekar Geir Strømmen som er kommuneoverlege i Ål og Hol.
Ny modell
Før helga lanserte Folkehelseinstituttet (FHI) ein ny modell for smittesituasjonen i Norge og prognosane framover. Ifylgje FHI er denne betre og meir presis enn tidlegare modellar som i stor grad har støtta seg til utanlandske prognose-modellar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heilt smittefri
Folkehelseinstituttet har også vurdert smittesituasjonen i alle landets kommunar. Kommunane er plassert i seks ulike smittekategoriar.
Situasjonen er opplyftande. Det store fleirtalet av norske kommunar er no definert som heilt smittefrie. Det gjeld også for Hallingdal og Nore og Uvdal. Alle kommunane, bortsett frå Nesbyen og Hemsedal, er av FHI definert som heilt smittefrie.
Nesbyen og Hemsedal er plassert i kategorien under – i gruppa svært liten smitterisiko på kartet som vart presentert av Verdens Gang før helga.
God kontroll
Kommuneoverlege Geir Strømmen er svært godt fornøgd med smittesituasjonen i Hallingdal. Det siste registrerte tilfellet var på Gol 8. april.
– Me har ikkje hatt nye smittetilfelle på mange veker. Samstundes har me fylgd opp med hyppige testar, seier Strømmen og legg til;
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.
— Hallingdal, og spesielt Hol, vart hardt ramma av den fyrste bølga. Men den vart handtert på ein måte som gjer at me no har god kontroll.
Åtvarar
Betyr det at hallingane kan senke skuldrene?
Artikkelen held fram under annonsen.
— Nei. Faren er tvert om at me senkar skuldrene for mykje. At me blir blenda av at det går betre. No er det viktig å halde oppe koronatiltaka. Alle må fylgje sentrale og lokale retningsliner. Då kan me halde oss fri for koronasmitte, seier Strømmen som også kjem med ei oppmoding;
– Alle som føler seg usikre,må teste seg. Det er svært viktig for å oppretthalde kontrollen på pandemien.