Giftekø i snøhaugen: – Tenk så romantisk då!
I lyset frå faklar i snøhaugen og med panoramautsikt over Nesbyen kan gifteklare par få ei oppleving av dei sjeldne.
– Tenk, så romantisk då, seier Anna Kollhus, som er prosjektleiar for vinterfestivalen i Nesbyen.
Spontanbryllaup
Den blir arrangert frå 13. til 16. februar. Festivalen var ein stor suksess i fjor, Kollhus trur ikkje den er mindre populær i år. Og nytt av året er eit spontanbryllaup på Utsikten ved Trytetjern. Dette er starten på utforløypene som syklistane boltrar seg i, no kan folk gifte seg her med lys og faklar i ei nærmast trolsk stemning.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tre par har alt meldt seg, og vil gifte seg på «Valentine's day», kjærleikens dag, 14. februar, seier Kollhus.
– Kven skal vigsle dei?
– To skal vigslast av presten, eitt par av ordføraren.
Stemningsfullt
Dette skjer altså under vinterfestivalen. Bryllupssermoniane blir ein del av programmet, men det blir ikkje fritt fram for alle som vil sjå. Denne delen av programmet er for spesielt inviterte. Og det er opp til kvar enkelt par om dei vil ha med eige følgje, eller om dei vil ha seremonien for seg sjølv. Dette skal skje på avtalte tider, og som passar. Men Kollhus ser for seg at det skjer på kvelden. Det er då det blir stemningsfullt.
– Tenk om det blir klarvêr og fullmåne på ein pynta sti fram til Utsikten med Nesbyen under seg. Det blir romantisk, seier Kollhus.
Ho seier at dette skal vere feiring av kjærleikens dag på ein enkel måte. Samtidig kviler det eit ansvar på arrangøren. For som Kollhus seier det:
– Dei har lagt den store dagen sin i våre hender.
Stort program
Bryllupssermoniane på Utsikten blir ein del av eit omfattande program under Vinterfestivalen. Eventyrstund med faklar på Utsikten, utekino, isbading i Trytetjern, aktivitetsdag for skuleungane, isdisco på skøytebanen på idrettssenteret, skisprint i sentrum, NM i hopp i Arnegårdsbakken med konsert om kvelden, og meir til. Av omsyn til trafikktryggleiken er akinga i Austebakkane droppa. Årets festival, som er den andre i rekka, er også utvida med ein dag. Det er prosjektet «Bu i Nesbyen» som arrangerer vinterfestivalen, som slo svært godt an i fjor. Mange tek eit tak.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er stor interesse for å vere med, seier Anna Kollhus.