Gav støtte til nystarta bedrift
Flå kommune sel eit næringsareal for ei krone.
Det er resultatet av eit tomtekjøp på industriområdet Elvemo.
Kommunen kjøper 3000 kvadratmeter frå Knut Hilde for 20 kroner pr. kvadratmeter. Kommunestyret gav ordføraren fullmakt til å selje 2000 kvadratmeter av tomta til Elektroutvikling AS for ei krone. Vilkåret er at tomta skal førast tilbake til kommunen for same pris dersom drifta tek slutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elektroutvikling AS vart etablert i 2014 av Kim Arne Boska og Hermann Gandrudbakken. Selskapet driv mykje med testing av stolpar som blir brukt i straumforsyningsnettet i samband med utfasing av kreosotstolpar. Til dette arbeidet har selskapet fått låne ei tomt av kommunen på Elvemo. No er planane å setje opp ein testhall.
– Dette er eit veldig bra tiltak. Det er nyskapande, og det skapar aktivitet i Flå, sa Anders Olav Frydenlund frå Bygdelista i kommunestyret.