Gasslekkasje ved hotell - alle gjestane vart evakuert
Klokka 18.30 laurdag kveld rykte nødetatane ut til Ustedalen hotell. Då kom det inn melding om ein gasslekkasje.
Mens det vart jobba på staden, vart Gamlevegen stengt. Togtrafikken vart også stoppa. Alle bebuarane ved hotellet vart evakuert.
Etter ei stund kom politi og brannvesen fram til at det var snakk om ein mindre lekkasje. Litt over klokka 19.00 melde brannmannskapa om at dei har kontroll.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen personar skal ha blitt skadd i hendinga.
Seinare laurdag kveld fekk gjestane endeleg beskjed om at dei kunne flytte inn att på hotellet.