Kraftutbygging av Godfarfossen har vore eit stridstema sidan 1970-talet. No skal eigarane vurdere lønsemda av kraftutbygging her.
Kraftutbygging av Godfarfossen har vore eit stridstema sidan 1970-talet. No skal eigarane vurdere lønsemda av kraftutbygging her.

Går vidare med Godfarfossen

For eitt år sidan fekk Godfarfoss Kraft AS konsesjon til å bygge ut Godfarfossen. No går eigarane vidare for å vurdere lønsemda.

Onsdag vedtok kommunestyret i Hol å løyve drygt 1 million kroner til ei aksjeutviding i Godfarfoss Kraft AS.

Selskapet som vart stifta i 2007 er eigd av kommunane Hol og Nore og Uvdal og EB Kraftproduksjon. Aksjeutvidinga på totalt 3,3 millionar kroner skal finansiere ei utgreiing av som skal få fram fakta for kor lønsamt prosjektet er.

Artikkelen held fram under annonsen.

220 millionar

For utbygginga av Godfarfossen på grensa mellom Hol og Nore og Uvdal vil koste.

Førebels er utbyggingskostnadene rekna til 220 millionar. Dei tre eigarane må bidra med drygt 18 millionar kvar, medan resten skal selskapet finansiere med lån. Spørsmålet er om det er noko å tene på denne kraftutbygginga. Det trudde ikkje Venstres to representantar i Hol kommunestyre, Mathias Eide Sataøen og Ola Vaagan Slåtten. Dei røysta som dei to einaste mot rådmannens innstilling.

– Det er feil å bygge ut fossefallet, meinte dei.

Erik Kaupang (Ap) var usamd.

– Det er viktig å gå vidare og sjå konklusjonen.

På planen i mars

Kommunestyret i Nore og Uvdal har ikkje behandla saka enno.

Saka står på planen for marsmøtet, ifølgje ordførar Eli Hovd Prestegården (Sp). Som i Hol har fleirtalet tidlegare vore klart, både i kommunestyra og blant grunneigarar, for å bygge ut fossefallet. Prestegården håpar det nye kommunestyret held på denne linja. Då vil eigarane få sluttsummen for prosjektet og kor mykje det er mogleg å tene på kraftverket.

– Eg håpar me er med vidare sjølv om rammene for kraftsektoren er annleis no enn då prosjektet starta. Framtidsutsiktene er ikkje dei same, seier Prestegården.

Artikkelen held fram under annonsen.

56 GWh

Kraftutbygging av Godfarfossen har vore eit stridstema sidan 1970-talet.

Kraftverket Godfarfoss Kraft AS planlegg skal nytte fallet i Lågen mellom Nedre Svangtjern i Dagali og Pålsbufjorden på grensa mellom Hol og Nore og Uvdal. Årleg produksjon er rekna til 56 GWh, noko som svarar til 2800 husstandar. Kraftverket og vassleidningar skal leggjast i fjell. Difor vurderte Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) naturinngrepa som små. I februar i fjor vart utbygginga formelt godkjend av Kongen i statsråd.