Funnen under bergskrent
Laurdag vart ein mann funnen omkomen ved Skogshorn i Hemsedal.
Politiet trur den omkomne mannen er identisk med ein mann som fredag vart meldt sakna. Laurdag vart det sett i gang ein stor leiteaksjon. Leitemannskapa fann fyrst bilen til den sakna og seinare ein død person.
Stor leiteaksjon
I aksjonen deltok eit par ekvipasjar frå Norske Redningshundar og 20–25 personar frå Røde Kors hjelpekorps. I tillegg var luftambulansen, eit fly frå Klanten på Golsfjellet, og eit Sea King redningshelikopter sett inn i søk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ved 16-tida laurdag vart den omkomne lokalisert av Sea King-helikopteret i botnen av ein bergskrent ved Skogshorn.
Bistand frå Kripos
Det er for tidleg å slå fast at det er den sakna som er funnen, opplyser politiadvokat Janne Skille ved Sør-Øst politidistrikt på Hønefoss.
– Me trur me veit kven den omkomne er, men så langt har me ikkje sikker identifikasjon. Me har bedt Kripos om bistand til ID-arbeidet, seier Skille til Hallingdølen måndag ettermiddag.
Sakna latviar
Den sakna er ein latvisk statsborgar i 30-åra som budde og arbeidde ved eit hotell i Hemsedal. Det var arbeidsgjevaren som melde han sakna fredag.
Ifølgje politiadvokat Skille er det ikkje mistanke om at den omkomne er utsett for ei kriminell handling.
– Mannen er sendt til obduksjon. Me har ikkje fått obduksjonsrapporten enno, seier Skille.
Pårørande til den sakna latviske mannen blir haldne orientert om saka.