Det var kraftig vind i området då brannvesen og politi kom til staden tysdag kveld.
Det var kraftig vind i området då brannvesen og politi kom til staden tysdag kveld.

Full fyr i låve, brakke og geitefjøs

Fleire bygg stod tysdag kveld i brann ved Strandavatnet i Hol.

- Det er kraftig vind på staden. Det er ei utfordring, sa Tore Grindem ved operasjonssentralen i Sør-Øst til Hallingdølen ved titida tysdag kveld. 

Brannen starta ved ein utedo. Den spreidde seg vidare til eit geitefjøs og ei gjestebrakke. Både fjøset og utedoen har brent heilt ned. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Hallingdølen kom til staden rett før klokka 23 tysdag kveld, hadde brannvesenet fått god kontroll. Då brann det ikkje lenger i bygga, men brannmannskapa dreiv med sløkking i terrenget rundt staden. Brannmenn gjekk rundt med lykt på hovudet, i mørket og den kraftige vinden. 

Politiet var også på staden, dei var inne og prata med bebuarane i eit hus 70-80 meter unna der brannvesenet dreiv med slokking. 

Grindem ved operasjonssentralen seier det ikkje kom folk til skade under brannen, og at dei heller ikkje har opplysningar om at det skulle ha vore dyr i fjøset. 

Då Hallingdølen kom til staden tysdag kveld, brann det framleis i terrenget rundt staden.
Då Hallingdølen kom til staden tysdag kveld, brann det framleis i terrenget rundt staden.

Brannen var på Strønde (Strandavatnet), rett i nærleiken av Storestølen fjellstue. Det er ein del hus og hytter i området rundt.