Frifann tre menn for gjengvaldtekt
Tre Oslo-menn er frifunne for gjengvaldtekt i Hemsedal – med ei stemmes overvekt.
Eit fleirtal i Borgarting lagmannsrett, fagdommarane og ein meddommar, ville dømme dei for gjengvaldtekt. Men for å finne ein tiltalt skuldig i ei straffesak i lagmannsretten er reglane slik at fem av dei sju dommarane må vere samde. I denne saka ville fire dømme dei.
Men sjølv om dei vart frifunne, må dei betale oppreising til jenta som dei hadde seksuell omgang med i ei campinghytte i Hemsedal. Fleirtalet slår fast at oppreisinga som dei vart dømde til i Hallingdal tingrett på 300.000 kroner blir ståande. Mindretalet meinte at dei også skal frifinnast for oppreising.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dopa på MDMA
Dei tre mennene møtte den 18 år gamle jenta på byen i Hemsedal 23. mars 2014. Ho vart invitert med dei på eit nachspiel i den såkalla «Harryhytta».
Der fekk ho i seg det narkotiske partydopet MDMA. Påtalemakta meiner at ho vart lurt til å ta stoffet. Jenta har forklart at ho plutseleg mista kontrollen over seg sjølv. Ho såg dobbelt, vart heil nummen før alt vart «svart». og hugsa berre små glimt. Ein av mennene vart tiltalt for å ha forgripe seg mot henne i «Harryhytta» etter at ho hadde fått i seg stoffet og utan at ho var i stand til å motsetje seg dette. Etterpå vart ho teken med til ei campingvogn der dei tre har erkjent å ha hatt seksuell omgang med henne etter tur. Dei hevdar at det var frivillig frå hennar side. Ho har forklart at ho ikkje ønskte seksuell omgang med dei tre. Påtalemakta meiner det dreier seg om gjengvaldtekt.
Tvil
Hallingdal tingrett var ikkje i tvil då retten dømde dei tre mennene i ein knusande dom, to av dei til fengsel i seks og eit halvt år og tredjemann til seks år for å ha valdteke jenta mens ho var medvitslaus og ute av stand til å setje seg imot den seksuelle omgangen.
Dommen vart anka til lagmannsretten – og her har det vore sterk tvil. Då saka var i lagmannsretten første gongen, vart alle tre frikjent av juryen, men dei tre fagdommarane var usamde og sette avgjerda til side. Derfor måtte heile saka opp til ny behandling nyleg. Då vart lagmannsretten sett med meddomsrett beståande av tre juridiske dommarar og fire meddommarar. Eit fleirtal, fagdommarane og ein meddommar, meinte jenta var så rusa på alkohol og narkotika at ho ikkje var i stand til å motsetje seg dei seksuelle handlingane, MDMA-mengdene som ho hadde fått i seg var faktisk så store at dei kunne medført alvorleg forgifting og død.
Frifunne
Fleirtalet meiner at mennene er skuldig i overgrep. Eit mindretal på tre meddommarar fann det ikkje bevist at mennene forstod at ho var i ein slik tilstand at ho var ute av stand til å motsetje seg dei seksuelle handlingane.
Men fordi det krevst fem stemmer for å finne ein tiltalt skuldig vart dei altså frikjende. Ein samla lagmannsrett frifann den eine av dei for overgrep mot jenta i «Harryhytta».
Må betale
Sjølv om dei vart frikjent må dei betale erstatning. Her er det tilstrekkeleg med «sannsynlighetsovervekt», som dei heiter i jurdisk språkdrakt, og simpelt fleirtal i retten.
Rettens fleirtal peiker på at det er snakk om gjentatte overgrep over tid gjort av tre personar. Etterverknaden for jenta er alvorlege. Ho har fått ein diagnose som inneber ei varig endring av hennar personlegdom. Ho er framleis ikkje i stand til å gå på skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mindretalet meiner det ikkje er ført tilstrekkeleg bevis for at dei tiltalte har den nødvendige skuld for hennar tilstand, og ville frifinne dei for oppreisning.
To av mennene vart dømde til bøter på 2000 og 3000 kroner for erverv og bruk av narkotika, mens tredjemann vart dømt til fengsel på vilkår i 21 dagar for oppbevaring av ei rekkje narkotiske stoff og bruk av MDMA og hasj.
Eg har følgd denne saka sidan byrjinga. Eg skreiv den aller første nyheitsartikkelen den gongen saka vart kjent, og eg følgde forhandlingane i Hallingdal tingrett. Berre få meter frå meg sat tre menn tiltalt for gjengvaldtekt. Overgrep mot ei forsvarslaus tenåringsjente som var neddopa og utan moglegheit til å motsetje seg sex’en som desse mennene tydelegvis var ute etter.
I tingretten som i lagmannsretten erkjente dei å ha hatt seksuell omgang med jenta. Men dei hevda sjølvsagt at det var frivillig frå hennar side. Ho var neddopa av partydopet MDMA, som ho hadde vorte tilbode av ein av mennene. Mengda var så stor at den kunne ha vore farleg for henne. Sjølvsagt visste ho likevel kva ho var med på, viss me skal tru retten. Er det mogleg?
Ein av mennene er ingeniør, forlova og har ei dotter. Kameraten er fagpedagog og har sambuar og ein son. Kva slags tankar har eigentleg slike? Saman med ein ugift grunnarbeidar, også frå Oslo, gjekk dei på dop i Hemsedal i denne helga i 2014. Dei inviterte ei tenåringsjente, som var på ferie i Hemsedal saman med mora og veslesystera, på nachspiel, gav henne dopet for så å ha seksuell omgang med henne etter tur. Det var heilt greitt, ifølgje lagmannsretten. Der er det meddommarane, vanlege kvinner og menn, som i to omgangar har frifunne mennene. Og eg spør: Korleis er det mogleg at dommarane i tingretten og i lagmannsretten ser saka på heilt forskjellig måte?
Mennene er frie i dag. Tilbake sit ei jente som har fått store problem. Ho har ifølgje ekspertane som behandlar henne, fått ein diagnose som har gjort at ho har fått ei varig endring av personlegdommen. Ho har søvnproblem og mykje angst, og er framleis ikkje i stand til å gå på skulen. Diagnosen ho har fått er ei liding som blir forårsaka av alvorlege hendingar. Det er eit ungt liv som er øydelagt, eit liv som i staden kunne ha sprudla av glede og livsgnist. Lagmannsrettens fleirtal er ikkje i tvil om at overgrepa er årsaka til at livet hennar er endra. Rettens mindretal er i tvil om det.
Samtidig er det slik i vårt rettssamfunn at ingen er skuldig før dei er dømt. I dette tilfellet er dommen så hårfin som det går an. Mennene er frifunne av sine likemenn, meddommarane. Dei juridiske dommarane ville dømme dei. Men saka reiser likevel fleire spørsmål, og den gir grunn til ettertanke. Ikkje minst fordi tenåringsjenta som gjorde eit så sterkt inntrykk i retten sit tilbake som den tapande parten. Ho vart ikkje trudd – eller var det slik at det ho opplevde i «Harryhytta» og campingvogna i Hemsedal ikkje var noko å ta på veg for? Er dette ein åtferd me skal applaudere? Etter å ha jobba med retts – og krimsaker i pressa i over 40 år kjenner eg berre at denne saka gjer noko med meg ... Arne O. Lindahl