Frekt tjuveri i Nesbyen

Tjuvar slo til midt i arbeidstida i Nesbyen.

– Frekt, seier lensmann Halvard Haraldseth Jervell.

Det var onsdag morgon mellom klokka 09.15 og 09.30 at ein eller fleire personar såg ein moglegheit til å ta pengar frå kasseapparatet i ein frisørsalong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skjedde mens ein tilsett var på bakrommet, seier Jervell.

Utbyttet vart eit mindre pengebeløp. Tjuveriet er meldt og politiet var vore i frisørsalongen på jakt etter spor. Jervell ber folk som kan ha sett noko mistenkeleg i Nesbyen sentrum denne morgonen om å melde ifrå.