Riksantikvar Jørn Holme rettar opp tidlagare feil.
Riksantikvar Jørn Holme rettar opp tidlagare feil.

Freda loft likevel ikkje freda

Eit freda loft i Opheim var ikkje freda likevel. No rettar Riksantikvaren opp feilen.

Saka gjeld eit loft på gardsbruket Helling nordre. Det fekk i 1995 status som freda bygning. Dette skuldast ei feiltolking. No blir dette retta opp. Melding er send frå Riksantikvaren til eigaren med kopi til Ål kommune og Buskerud fylkeskommune.

Feilen som vart gjort skriv seg frå ei tid tilbake då det skjedde ei forveksling av lofta på dei to Helling-gardane. På 1990-talet trudde ein såleis at eit loft frå Helling søre var flytt til nabobruket under ei ombygging av tunet i 1930-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

På dette grunnlaget kravde Riksantikvaren ei overflytting av fredingsvedtaket. Vedtaket om dette vart gjort i desember 1995: Men vedtaket og påfølgjande tinglysing vart altså gjort på sviktande grunnlag. Grunnen til at ein trudde at loftet var flytta skuldast ifølgje brevet ei feilregistrering i saksarkivet hjå Riksantikvaren. Dette blir no retta opp.

Men sjølv om det aktuelle loftet på Helling nordre ikkje er freda, understrekar Riksantikvaren at det likevel er eit hus med stor kulturhistorisk verdi. Riksantikvaren finn grunn til å beklage feilen som er gjort i 1995.