Første tilfelle av koronasmitte påvist i Flå: — Me har kontroll
Flå stod lenge med null positive koronaprøver, men no har ein person fått påvist viruset. I alt er 25 personar testa.
– Me har eit positivt tilfelle per no. Fordelen er at denne personen har vore ute og reist, og kom rett heim i karantene. Det er altså ikkje snakk om smittespreiing, seier kommuneoverlege i Flå, Cecilie Rød Medbøen.
Personen som no er smitta, hadde vore i Østerrike.
Artikkelen held fram under annonsen.
22 i karantene
I alt er 25 personar testa for korona i Flå. Onsdag morgon hadde Medbøen fått svar på alle, og alle bortsett frå denne eine var negative.
– Akkurat no har me tilsynelatande god kontroll på alt, og god oversikt. Men me er inne i ei uviss tid, ingen veit kva som ventar oss, seier ho.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Det er per i dag 22 personar som sit i karantene i kommunen.
– Me har hyppig kontakt med dei, og oppmuntrar dei til å berre halde ut, fortel Medbøen.
Ei fløy for smitta
I og med at det har vore svært få smittetilfelle så langt i Flå, har kommunen hatt god tid til å førebu seg på det som eventuelt kjem.
– Me har sett av ei eiga fløy på Flåheimen der me har moglegheit til å ta imot smitta om dei blir så sjuke at dei treng oppfølging. Der har me ein kapasitet på åtte senger, seier Medbøen.