- Me er veldig fornøgde, seier leiar i NAV Gol og Hemsedal, Bjørn Skjelseth.
- Me er veldig fornøgde, seier leiar i NAV Gol og Hemsedal, Bjørn Skjelseth.

Fornøgde NAV-brukarar

NAV i Hallingdal har gjennomført den årvisse brukarundersøkinga.

Resultat: Fornøgde brukarar.

– Hallingdal har gode resultat. Betre enn i fjor og betre enn gjennomsnittet i Buskerud. Det er me veldig fornøgde med, seier leiar i NAV Gol og Hemsedal, Bjørn Skjelseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgt gjennomsnitt

266 brukarar har svara på haustens undersøking.

På ein skala frå 1 til 6, der 6 er høgast score, får ulike område innanfor NAV-systemet karakterar.

– I Hallingdal har me eit snitt på over 5. Det er veldig bra, seier Skjelseth.

NAV i Hallingdal scorar høgt i brukarundersøkinga som vart gjennomført i haust.
NAV i Hallingdal scorar høgt i brukarundersøkinga som vart gjennomført i haust.

NAV-kontora i Hallingdal har ligge godt an på undersøkingane tidlegare også, men den ferske undersøkinga viser at det er framgang på fleire område.

– Undersøkinga viser at brukarane føler dei blir møtt med respekt. Det er eg stolt over. For mange som kjem til oss er i ein vanskeleg situasjon, seier Skjelseth.

Nye mål

Skjelseth rosar dei tilsette.

– Det er kvar enkelts jobb kvar dag som er viktig. Dei skal ha honnør og kreditt, seier han.

Sjølv om undersøkinga gir gode tilbakemeldingar, skal dei ikkje bli ei kvilepute. For som Skjelseth seier:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle er ikkje superfornøgde heller.

For 2015 har Skjelseth følgande mål:

– Me har eit ønske om å bli endå meir offensive i kontakten med næringslivet for å formidle jobbar. Me skal vere meir synlege og tydelege.