Forklarar seg gråtande for retten
Hanan Mahid Mohamed (34) vart drepen av ektemannen heime i bustaden den 9. desember klokka 20.30 2014.
Dette kjem fram av forklaringa til ektemannen som no står tiltalt i Hallingdal tingrett for forsettleg drap.
Mannen har til no brukt over tre timar på forklaringa. Til dels gråtande har han fortalt kva som skjedde i leilegheita i Hemsedal for litt over eitt år sidan, og han er enno ikkje ferdig med å forklare seg. Han har fortalt til retten at han har store vanskar med å setja ord på det som har skjedd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Død i seks dagar
Det som til no er kome fram er at det tok seks dagar frå drapet skjedde, til saka vart oppdaga. Ut frå det han fortel kan det sjå ut som at drapet er resultat av ein pågåande konflikt mellom mann og kone, der kona etter mannens syn vart for vestleg i stilen og veremåten.
Ville skiljast
Det var også på det reine at Hanan Mahid Mohamed var på veg ut av ekteskapet. Ho hadde jobb, førarkort og hadde også stilt seg til rådvelde som kandidat for Hemsedal Ap til det komande kommunevalet. Den dagen drapet skjedde kom det også fram at ho ville skiljast frå ektemannen, og ta med seg dei to mindreårige barna. Han fortel til retten at kona var misnøgd med han på fleire punkt. Ho skamma seg over at han ikkje hadde jobb eller førarkort. Ho ville ikkje lenger vera tenaren hans og privatsjåføren hans.
«Lyd i øyra»
Om sjølve drapshandlinga har tiltalte forklart at det kom ein lyd i øyra på han, at han fekk ein slags motor i hovudet. Han tok tak rundt henne i denne tilstanden, og det heile enda med at han kvelte henne.
Rettssaka held fram i morgon torsdag. Ektemannen er tiltalt for forsettleg drap. Strafferamma er minimum åtte år.