Forhandlingar på gang i Totteskogen
Grunneigarane i Totteskogen skal i møte med Skistar. Ordføraren reknar med det betyr at nedfartsstriden snart er løyst.
– Eg har forstått det slik at dialogen mellom partane er starta opp igjen. Då er ikkje vårt møte nødvendig, seier Oddvar Grøthe.
Ordføraren var i november så lei av at Skistar og grunneigarane ikkje er blitt samde om ein nedfart til Trøym, at han kalla partane inn til formannskapet. Også Hemsedal Næringsforening var kalla inn ettersom foreninga har fått mandat som forhandlingspart for grunneigarane. I forkant hadde både foreininga og Skistar orientert kommunestyret om at forhandlingane var brote saman.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit fellesmøte skulle ha vore gjennomført, men er blitt utsett i påvente av at dialogen blir prøvd sett i gang igjen. No er møtet heilt avlyst, fordi dialogen er etablert att.
Styreleiar i næringsforeninga Kjell Ove Anderdal er ordknapp om det som skjer, men stadfestar at han har avbestilt politikarmøtet. Grunneigar Ola Halvar Jorde er klar på at saka no har utvikla seg i positiv retning.
– Me ser absolutt positivt på det. Me kan ikkje seie så mykje anna enn at me har planar om å møte Skistar, seier han.
– Javel, seier destinasjonssjef for Skistar i Hemsedal, Trond Østby. Han hadde takka ja til politikarmøtet før han sidan fekk kontramelding. – Meir kan eg ikkje seie, seier han.