Hol Sparebank er den banken i Hallingdal som klatrar mest på lista over dei beste bankane i Norge. (Arkivfoto)
Hol Sparebank er den banken i Hallingdal som klatrar mest på lista over dei beste bankane i Norge. (Arkivfoto)

Forbetrar seg på utlån

Ingen av bankane i Hallingdal kjem på «pallen» i Bank-NM 2011. Samanlikna med i fjor, er det Hol Sparebank som går mest fram.

Bankane i Norge blir kvart år målt mot kvarandre i fleire meir eller mindre seriøse kåringar. I meir enn 20 år har Dine Penger arrangert det dei kallar eit uoffisielt NM i bank, der dei kårar dei beste bankane i ulike kategoriar.

Kåringa for 2011 er nyleg avvikla. Heller ikkje i år greier nokon av dei lokale bankane i Hallingdal å markere seg blant dei aller beste i Norge verken når det gjeld lån eller sparing. Nærast ei topplassering kjem Hol Sparebank, som er landets sjuande beste bank på bustadlån. Gjensidige Bank, som er representert i Hallingdal, er fjerde beste banken i landet på sparekonto med innskot over 500.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samanlikna med den tilsvarande kåringa i 2010, er det også Hol Sparebank som går mest fram. Banken betrar plasseringa si i tre av fire kategoriar.

Alle bankane i Hallingdal gjer det betre enn i fjor på bustadlån. Men for innskot/sparing er det berre Hol Sparebank som går fram, alle dei andre får dårlegare plasseringar enn i fjor. Største fallet opplever Sparebank 1 Hallingdal, som for sparekonto med innskot over 500.000 kroner fell frå ein heiderleg 6. plass i fjor til ein 127. plass i år, av i alt 135 bankar.

Nes Prestegjelds Sparebank er den beste «allroundbanken» i Hallingdal, den som har høgast gjennomsnittleg skår på både lån og innskot.

Bustadlån

Bustadlån på 1 mill. kroner med 60–75 prosent lånefinansiering blir gjerne stempla som den klassiske øvinga i Bank-NM, akkurat som femmila i Holmenkollen. DinBank er vinnaren, i år som i fjor. Lista ser i tillegg slik ut for bankane som er til stades i Hallingdal (i parentes plassering i 2010):

1. DinBank 3,29 % (1)

7. Hol Sparebank 3,59 % (8)

58. Nes Prestegjelds Sparebank 3,80 % (78)

99. DNB 3,93 % (102)

Artikkelen held fram under annonsen.

109. Gjensidige Bank 4,01 %

122. Sparebank 1 Hallingdal 4,26 % (128)

Sparekonto 50.000/100.000 kr

1. Bank Norwegian 3,36 % (3)

1. Sparesmart.no 3,36 % (1)

9. Nes Prestegjelds Sparebank 2,95 % (8)

29. Gjensidige Bank 2,09 % (24)

53. Sparebank 1 Hallingdal 1,88 % (4)

61. DNB 1,85 % (47)

Artikkelen held fram under annonsen.

87. Hol Sparebank 1,61 % (92)

Sparekonto over 500.000 kr

1. Bank Norwegian 3,36 % (4)

1. Sparesmart.no 3,36 % (2)

4. Gjensidige Bank 3,38 % (3)

30. Nes Prestegjelds Sparebank 2,95 % (15)

74. DNB 2,71 % (35)

117. Hol Sparebank 2,30 % (121)

127. Sparebank 1 Hallingdal 2,13 % (6)

Artikkelen held fram under annonsen.

Lønnskonto

Berekna gevinst eller kostnad ved eitt års bruk:

1. yA Bank 415 (1)

14. Gjensidige Bank -205 (10)

18. DNB -445 (21)

78. Nes Prestegjelds Sparebank -1057 (70)

82. Sparebank 1 Hallingdal -1135 (68)

117. Hol Sparebank (98)