Foreldra i Dagali har til saman ti ungar i barnehagealder og håpar dei slepp å reise til Skurdalen frå hausten, der det berre er to barnehagebarn. Anne-Kristin Aasberg i foreldrerådet er letta over fleirtalet.
Foreldra i Dagali har til saman ti ungar i barnehagealder og håpar dei slepp å reise til Skurdalen frå hausten, der det berre er to barnehagebarn. Anne-Kristin Aasberg i foreldrerådet er letta over fleirtalet.

Fleirtal for Dagali-avdelinga

Fleirtalet i utval for kultur og levekår stemte for å halde barnehageavdelinga i Dagali open.

Frå hausten må ei av barnehageavdelingane i Dagali og Skurdalen oppvekstsenter mellombels stenge på grunn av fir få ungar. I Dagali er det ti barn frå hausten, i Skurdalen er det to. Foreldra har reagert på innstillinga frå rådmannen i Hol om at avdelinga i Dagali bør stengast. .

- Innstillinga er heilt klar. Det er pengane som styrer, ikkje ungane, sa Anne-Kristin Aasberg i Foreldrerådet i Hallingdølen torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overraska

Torsdag kveld var saka til behandling i utvalet for kultur og levekår i Hol kommune. Der gjekk fleirtalet in for å halde avdelinga i Dagali open. Berre Ap, med to representantar, stemte mot. Dei ville stenge Dagali-avdelinga og halde fram drifta i Skurdalen.

– Det gjekk overraskande bra, me er veldig glade for det. Det er eit stort steg i riktig retning av det me håpar på. Det blir veldig spennande å sjå korleis det går når saka skal opp i kommunestyret i slutten av månaden, seier Aasberg.

Kryssar fingrane

Ho er meir optimistisk no enn ho var før møtet.

– Eg hadde ei kjensle av at mange ville gå for Skurdalen. Heldigvis vart det stort fleirtal for Dagali, men veldig mykje kan framleis skje. Me kryssar fingrane, seier ho.