Fleire stillingar i Hallingdal og Numedal: – Store avstandar er ei utfordring
Lensmannskontoret i Nore og Uvdal blir ytterlegare styrkt med to nye faste operative polititilsette. Også i Hallingdal kjem det ei ekstra operativ stilling.
Det bekreftar Håvard Revå, politistasjonssjef i Kongsberg og Brit Fyksen, politistasjonssjef i Hallingdal til Hallingdølen.
Tre nye faste stillingar
Revå har lenge jobba for å auke beredskapen i Øvre Numedal, altså i kommunane Rollag og Nore og Uvdal, i tida etter politireforma.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Store avstandar er ei utfordring her. Eg er veldig glad for at me no har fått på plass fire politifolk med Rødberg som oppmøtestad. Det set oss i stand til å ha betre lokal beredskap, som igjen betyr at me har moglegheit til å kome raskare til når ting skjer, seier Revå.
Også ordførar i Nore og Uvdal, Jan Gaute Bjerke, er nøgd med å få meir politiressursar.
– Dette er eit lys i tunnelen og noko me har jobba for i fleire år, seier Bjerke til Hallingdølen.
– Kva betyr ei ekstra stilling i Hallingdal?
– Kvar einaste person hos oss betyr mykje. Dette er eg kjempeglad for, seier Fyksen.
– Så fort som råd
Den eine politiressursen det er snakk om i Nore og Uvdal vart innført mellombels i seks månader frå seinsommaren 2020. Så vart stillinga forlenga. På seinsommaren i fjor jobba Revå for at stillinga skulle bli fast. No er det altså bestemt.
Rekrutteringsprosessen for den andre stillinga i Nore og Uvdal er alt i gang. Revå reknar med å få tilsett nokon i løpet av mai.
Også Fyksen er i gang med rekrutteringsprosessen. Planen er å få på plass tilsettinga så fort som råd.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Fleire patruljar ute
Hallingdølen utfordrar Revå på om det er behov for så mange politifolk med base i Nore og Uvdal. Revå seier det absolutt er nok å drive med. I tillegg til at lange avstandane som gjer at oppdrag tek tid, har politiet også oppsynsteneste på Hardangervidda og driv med førebyggande arbeid mot unge og andre lovpålagde oppgåver.
– Fleire tilsette gjer at me får fleire patruljar ute. For me skal ho hjelpe kvarandre uavhengig av kommunegrenser, både mot Kongsberg og Hallingdal. Me er jo ein etat. Skjer det noko til dømes i Flesberg kan me skuve på patruljane slik at det like godt kan kome folk frå Rødberg som Kongsberg, seier han.
Dialog med kommunane
Regjeringa har også invitert kommunane til å gi ei vurdering av polititenestene og kome med innspel til korleis politiet kan levere betre tenester til lokalsamfunn. Kommunane har frist på seg til juni på å sende svar til Justisdepartementet. Så skal politiet rundt i kommunane for å finne ut kva som er mogleg å få til.
– Fleire tilsette på Rødberg, betyr det at lensmannskontoret blir ope meir enn ei gong i veka?
– Ikkje førebels. Det er noko kommunen får ønskje seg i så fall, og er ei vurdering som vil gå ut over noko anna, seier Revå og legg til:
– Eg trur folk ønskjer at politiet kjem når det trengst i staden for å ha eit ope kontor. Mange av oppgåvene frå lensmannskontora er borte og slik sett det betre ressursbruk å bruke dei polititilsette til aktiv eller førebyggande teneste. Livet er ikkje slik det var — du får ikkje gjort alt frå mindre stader. Her har mykje skjedd ei siste åra. Då må me informere kva moglegheiter kommunane har no, seier Revå.