Fotoboksen i Bromma. Her begynner strekninga med gjennomsnittsmåling som "fangar" flest fartssyndarar på Rv7 i Hallingdal.
Fotoboksen i Bromma. Her begynner strekninga med gjennomsnittsmåling som "fangar" flest fartssyndarar på Rv7 i Hallingdal.

Fleire fotoboksar var ute av drift

Fotoboksane på Rv7 hadde «gode» dagar i fjor. Talet på kontrollerte bilar stupte.

– Årsaka er færre driftstimar i fotoboksane, seier trafikk-koordinatoren ved Nordre Buskerud politidistrikt, politioverbetjent John Trygve Rønning,

I 2013 vart godt og vel 1,8 millionar køyretøy kontrollerte i fotoboksane i Hallingdal. Men i fjor vart det berre kontrollert 517.300 bilar. Derfor gjekk også talet på bøtlagde bilførarar kraftig ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje døgndrift i fotoboksane året rundt, seier John Trygve Rønning.

Ute av drift

Han har ingen forklaring på kvifor dei var i drift i langt færre timar i fjor. Det er Statens vegvesen som opererer fotoboksane.

I 2013 vart det sopt inn 2,6 millionar i bøter på Rv7 i Hallingdal. I fjor vart det teke inn 424.000 kroner. Nærmast som vanleg var det strekninga mellom Bromma og Nesbyen at dei fleste bilførarane gjekk i garnet. 227.134 bilar vart kontrollerte på denne strekninga. Av desse køyrde 150 for fort. Det vart skreve ut 97 forenkla forelegg. Motsett veg, frå Nesbyen til Bromma, vart langt færre køyretøy kontrollert og det vart teke færre bilførarar. Det vart skreve ut berre 87.000 kroner i bøter.

Fotoboksen ved innkøyringa til Ål frå aust tok inn 118.700 kroner i bøter. Her vart det kontrollert 197.386 bilar.

Fotoboksen på vestsida av innkøyringa har ikkje vore i drift tydelegvis, fordi den ikkje er med i statistikken. Fotoboksen i 60-sona på Svenkerud har knapt vore i drift. Her vart det teke inn 32.000 kroner. Året før vart det skreve ut bøter for 854.800 kroner her. Fotoboksen som tek inn mest i Nordre Buskerud er boksen i 60-sona på Veme. 720 bilførarar vart tekne her i fjor.

Fotoboksane verkar

– Det er ikkje bra før me er i null, seier John Trygve Rønning.

– Korleis er fartsnivået på Rv7?

– At færre vart tekne i fjor, skuldast at talet på driftstimar på fotoboksane gjekk ned. Det har noko med kapasitet å gjere. Men elles er det ingen tvil om at den automatiske fartsmålinga har redusert gjennomsnittsfarten. Fotoboksane er effektive. Eg trur også alle vegarbeida har vore med på å dempe farten på Rv7. Men samtidig skremmer det meg at folk reduserer farten fordi dei er redde for å bli tekne, og ikkje av frykt for at det kan skje ei ulykke, seier John Trygve Rønning.