Flåværing tener og skattar mest
Truls Kolsrud Engene (40) frå Flå var den desidert største skattebetalaren i Hallingdal i fjor. Han tronar også suverent på inntektstoppen.
Fredag vart skattelistene for fjoråret lagt fram.
Endringar i toppen
I toppen på listene er det store endringar frå i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
På skattetoppen er det berre holingane Lars Jørgensen og Christian Haatuft som er att frå Topp 10-lista frå i fjor. På inntektslista er det endå større utskiftingar. Der er det berre Haatuft som klorar seg fast på ein tiandeplass. Dei ni som hadde størst inntekt året før har falle nedover på lista.
På formuelista er det derimot svært stabilt. Dei åtte med størst formue i fjor var også på Topp 10-lista ved året før. På ein suveren formuetopp ligg Lars Jørgensen med over 240 millionar kroner.
Flåværing på topp
I år er det flåværingen Truls Kolsrud Engene som toppar skatte- og inntektslista i Hallingdal og Nore og Uvdal med klar margin. Finansanalytikaren og finansrådgivaren i Skandinaviska Enskilda Banken (SEB) og skogeigaren på Nordre Kolsrud har overtatt skattetrona etter «naboen» Helge Rustand frå Bromma som toppa i fjor.
Kolsrud Engene står oppført ei inntekt på nesten 11,4 millionar kroner og nesten 4,4 millionar kroner i skatt i fjor.
På skattelista er det nesten 1,6 millionar kroner meir enn nummer Lars Jørgensen frå Hol som var nest største skattytaren. Nummer to på inntektslista er ein annan holing, Torleiv Eirik Nestegard, med vel 7 millionar.
– Skal ikkje klaga
Det er aksjesal som er årsaka til det lukrative fjoråret til finansrådgivaren og skogseigaren på Nordre Kolsrud.
– Det er nok aksjesal og ikkje tømmersal som er grunnen til den høge inntekta, seier Truls Kolsrud Engene då Hallingdølen fortel at han har overtatt den regionale skatte- og inntektstrona.
– Korleis er det å liggje på skatte- og inntektstoppen?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein skal ikkje klaga over at ein tener bra, så det kan eg leva med. Men dei faktiske tala er ikkje så høge som det ser ut til. Eg fekk dobbelskattlegging på aksjesal i fjor og har ei pågåande sak med skatteetaten som ikkje er avgjort. Skatt betalar eg med glede, men rett skal vera rett.
Flå–Oslo–Stavanger
Truls Kolsrud Engene har gjort det svært bra som finansanalytikar. Han starta som aksjeanalytikar for ni år sidan.
For tre år sidan vart han kåra som beste analytikar når det gjeld norske bygg- og eigedomsselskap under Kapital si årlege kåring av aksjeanalytikarar. Men han har vore trufast til heimkommunen Flå sjølv om han har Oslo som arbeidsplass.
– Me budde ein periode i Flå for nokre år sidan og er framleis mykje heime. I fjor flytta me til Stavanger der kona er frå. Så det blir mykje pendling Oslo–Stavanger og til Kolsrud, seier han.