Snart kan også flåværingane skryte av å ha eige polutsal i bygda. Polet kjem i Bjørneparken Kjøpesenter. (Arkivfoto)
Snart kan også flåværingane skryte av å ha eige polutsal i bygda. Polet kjem i Bjørneparken Kjøpesenter. (Arkivfoto)

Flå opnar pol til påske

Vinmonopolet satsar på å opne polutsalet i Flå før påske.

Etter at Flå kommune har sett norgesrekord i saksbehandlingstid, ifølgje Vinmonopolet, er det no klart at polutsalet ikkje er langt unna.

Det skal etablerast i kjøpesenteret til Olav Thon. Flå kommunestyre godkjente plasseringa og gav salsløyve torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er arbeidd lenge med å få Vinmonopolet til å etablere seg i Flå, sa ordførar Tor Egil Buøen.

Han slo fast at det var ein hyggjeleg søknad som låg på bordet.

– Dette treng me. Polutsalet er positivt for både innbyggjarane og turistane, sa Jostein Mehlum frå Bygdelista.