Flå kommune sopar inn skattepengar
Ved utgangen av november var det kome inn 31,8 millionar, det er nesten to millionar meir enn budsjettert, opplyste rådmann Odd Egil Stavn i kommunestyret sist torsdag.
– Det tyder på at folk har arbeid i Flå og at næringslivet går bra, sa ordførar Tor Egil Buøen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men når rekneskapen er ferdig, er det langt frå sikkert at heile skatteauken hamnar i kommunekassa.
– Då blir dette samstemt i ein svart «boks», sa Buøen, og viste til systemet med skatteutjamning.