Skredekspert Markus Landrø frå Gol har vore med i ekspertgruppa som har revidert fjellvettreglane. Dei nye reglane blir lansert 15. februar.
Skredekspert Markus Landrø frå Gol har vore med i ekspertgruppa som har revidert fjellvettreglane. Dei nye reglane blir lansert 15. februar.

Fjellvett for ei ny tid

Skredekspert Markus Landrø har vore med i ei ekspertgruppe som har revidert dei ikoniske Fjellvettreglane.

Fjellvettreglane slik me kjenner dei i dag er over 65 år gamle og treng å bli tilpassa dagens friluftsliv, ifølge Den Norske Turistforening (DNT) og Røde Kors. Med nye fjellvettsreglar ynskjer organisasjonane å auke kunnskapen om sikkerheit blant folk som ferdast i fjellet. 15. februar blir dei nye reglane lansert, og for å revidere dei har organisasjonane sett saman ei ekspertgruppe. Den har bestått av fjellklatrar Cecilie Skog, Markus Landrø frå NVE, Jørgen Moland og Anne-Mari Planke frå DNT og Mats Hjelle, Bjørn Arild Fjeldsbø og Julia Fieler frå Røde Kors.

Korleis ein brukar naturen endrar seg stadig og det er viktig at Fjellvettreglane er mest mogeleg dekkande for dagens utfordringar, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagleg tyngde

Markus Landrø vart kontakta for eit år sidan og spurt om han kunne tenkje seg å vere med i ekspertgruppa. Det takka han ja til.

– Eg er med fordi eg jobbar i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med snøskredvarsling og fordi eg er ein representant for Norske Tindevegledere. DNT og Røde Kors hadde eit ønske om å få inn meir om snøskred og istryggleik i reglane, fortel Landrø.

Alle dei som er med i gruppa har både fagleg tyngde i ulike former for friluftsliv, og svært mykje eigenerfaring og praksis. I tillegg vart det sett i gang ein kampanje der folk kunne kome med innspel til dei nye reglane. Det kom inn over 900 forslag.

– Me fekk inn mange gode innspel som me brukte i arbeidet, fortel Landrø.

Ærefrykt

Men nokon av dei som sende inn forslag ønskte ikkje å forandre noko i dei velkjente Fjellvettreglane. Landrø og dei andre i ekspertgruppa har kjent litt på frykta for å klusse med den norske kulturarven.

– Det er ei ære og ei litt skummel oppgåve å skulle lage eit nytt sett med reglar. Me ønsker jo ikkje å gjere eit dårleg arbeid. Me vart spurt om å revidere reglane fordi DNT og Røde Kors ønskte det.

Fleire av reglene er ikoniske, og Landrø fortel at nokon av dei blir ståande uforandra, nokon endra og nokon blir heilt nye.

– Det blir spennande å sjå korleis dette blir teke i mot. Me har jobba grundig og tatt dei innspela som kom med i vurderinga. Viss me ikkje trudde at reglane ville bli betre ved ein revisjon, så hadde me ikkje revidert.