Åtte frå same reisefølgje bekrefta koronasmitta i Hemsedal
Onsdag vart fire personar frå eit reisefølgje bekrefta koronasmitta i Hemsedal. No har fire nye frå same gruppe fått positivt testsvar.
Det bekreftar kommuneoverlege Camilla Underland.
Dei fire som viste seg å vere smitta onsdag denne veka, var ein del av ei større gruppe. Desse hadde vore i kontakt med smitte der dei kom frå. Dei hadde få eller ingen symptom på å vere koronasjuke, men testa altså likevel positivt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Reisefølgjet vart sett i karantene, og testa. No er fire nye bekrefta positive.
– Karantene og isolasjon var alt varetatt, seier Underland. Det er god kontroll på situasjonen.
Hemsedal har i løpet av vekene rundt jul fått 15 koronasmitta. Det er ikkje uventa, i og med at innbyggartalet har blitt veldig mykje større gjennom jula.
I romjula var rundt 13.000 menneske i bygda, der folketalet til vanleg er cirka 2500.