Myndigheitene var sundag på plass i Hemsedal skisenter for å sjekke at folk held ein meters avstand til kvarandre. Kommuneoverlege Camilla Underland er glad for at kommunen jobba hardt gjennom heile hausten for å legge godt til rette for besøkande. No ser dei nytta av å ha rutinar som fungerer.

Fire nye smitta i Hemsedal: - Hadde få eller ingen symptom

På ti dagar har 11 personar bekrefta koronasmitta i Hemsedal. I alle tilfella har smitta kome utanfrå kommunen.

– Den er importert frå såkalla pressområde. Det gjeld folk som er på besøk i kommunen, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Innbyggartalet i Hemsedal er ifølgje henne rundt 13.000 i desse dagar. At kommunen får fleire smitta gjennom jula, er inga overrasking.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser at den jobben me har gjort i forkant av sesongen, i heile haust, har vore heilt nødvendig. At systema er godt rigga, at me har sporing på plass, gjestar blir registrert, at smitteåtferd på uteplassar er god, at folk bruker munnbind - alt dette er avgjerande for at me framleis kan halde opent, seier Underland.

Har kontroll

Hemsedal har stått med sju smitta gjennom første del av jula. Onsdag fekk dei bekrefta fire nye tilfelle.

– Dei er ein del av ei større gruppe, der alle har vore i kontakt med smitte der dei kom frå. Me gjennomførte testing, og fire svar kom att positive i dag. Desse fire har få eller ingen symptom, seier Underland.

Les også
35 smitta på 12 dagar: - Me har vore førebudd

– Me har kontroll på situasjonen, seier ho.

– Men me ser at det heile er skjørt. Me er heilt avhengig av at alle er med på dette. Folk bør sjå på seg sjølv som smitta, og ta gode val.

– Alle mann på dekk

At Hemsedal no har fått 11 smittetilfelle krev ein god del ressursar i kommunen. Mange er i sving med både smittesporing og testing. Dei siste par dagane har rundt 70 personar vore innom for test.

– Det er stort press no, på både sporingsgruppa, dei som gjennomfører testing og på legevakta. Me har alle mann på dekk. Samstundes følgjer me situasjonen i bygda nøye, og fører blant anna daglege tilsyn, seier Underland.

Dei som kjem til Hemsedal får god informasjon. Dei møter personell som gir råd om smittevern, minner folk om å bruke munnbind og om å registrere seg der dei går inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får berre positive tilbakemeldingar. Folk kan ikkje få nok info, seier Underland.

Les også
Mista straumen i 16 timar