- Støttegrupper og advokatar som ikkje byggjer bruer er eit problem, seier Helene Sagabråten, leiar for Hallingdal barnevernsteneste.
- Støttegrupper og advokatar som ikkje byggjer bruer er eit problem, seier Helene Sagabråten, leiar for Hallingdal barnevernsteneste.

Finn støttegrupper og enkelte advokatar utfordrande

Støttegrupper bidreg ikkje til barns beste. Tvert om kan sakene få meir alvorlege utfall, meiner barnevernsleiar.

Dialog mellom foreldre og barnevern kan vere ei utfordring. Dette vedgjekk Helene Sagabråten, leiar i Hallingdal barnevernsteneste, i Hallingdølen så seint som 19. mai.

I dagens avis blir dialogvanskane ytterlegare understreka frå foreldrehald (sjå hovudsak).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Støttegrupper bidreg ikkje positivt

Sagabråten meiner støttegrupper ikkje er eit positivt bidrag i så måte.

– Alle støttegruppene som finst mot barnevernet er ei utfordring, seier ho.

Slike grupper støttar særleg opp om foreldre som i mange tilfelle ikkje ønskjer nokon dialog, og oppfordrar til å ikkje ha noko med barnevernet å gjere, meiner ho.

– Gruppene er korkje til foreldre eller barns beste. Dei bidreg til at me ikkje kjem i posisjon til å sette inn tiltak som kunne vore til hjelp, og sakene får i staden langt alvorlegare utfall. Det same gjeld enkelte av advokatane som desse familiane får. Advokatane har stor innverknad på foreldra, og dermed også for utfallet av saka.

Kjemi og kompetansekrav

– Med andre ord kan val av advokat og «kjemi» med barnevernet avgjere utfall av ei sak?

– Ja, i ytste konsekvens kan det vere slik. Advokaten har stor påverkingskraft i høve til foreldra, og det er naturleg at dei vel å følgje advokatens råd. Dersom advokaten rår dei til å ikkje samarbeide eller ikkje ta i mot foreslåtte tiltak, så er det svært vanskeleg å få til samarbeid.

Sagabråten meiner advokatar som driv med barnerett bør kunne vise til spesialkompetanse.

– Advokatar som tek på seg barnevernssaker bør ha eit ekstra krav til kompetanse som konfliktdempar og brubyggjar for at tredje part, nemleg barnet, skal bli varetatt. Dette vil også gagne foreldra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Advokatar har ei nøkkelrolle

Den 17 sider lange revisjonsrapporten seier også noko om dialog mellom barnevernet og advokatar.

«Det må kunne stilles krav til at barnevernstenesta og foreldrenes advokat, som profesjonelle parter, tar ansvar for å skape konstruktiv kommunikasjon med fokus på det som er kjernen i barnevernet bekymring», heiter det. Slik er det med andre ord ikkje alltid.

Sagabråten vedgår dialog er ei utfordring for barnevernet, men peikar på at advokatar sit i ein nøkkelposisjon.

– Ofte ser ein at advokatar som har evne til å vere brubyggjar og som manar til samarbeid for barna og foreldras beste, lykkast med å skape eit samarbeid som gjer at ein kan få til å hjelpe, seier ho.

Slutt på å avvise tiltak

For barnevernet handlar det blant anna om å få foreldre til å erkjenne den grunnleggande årsaka til at dei har teke imot uromeldingar, opna sak og at det sidan er fatta vedtak om tiltak.

2014 var eit rekordår for omsorgsovertakingar i Hallingdal, med ei dobling i høve til kva innbyggjartalet statistisk skulle tilseie.

Revisjonsrapporten forklarar noko av dette med at foreldre enten avviste eller avslutta tiltak frå barnevernet, med det resultat at det førte til omsorgsovertaking.

Frå og med april i år har ikkje lenger foreldre høve til å avvise tiltak. Det er likevel slik at tiltak i heimen i regi av barnevernet stiller krav til ein viss grad av lagspel og dialog. På dette området er det forbetringspotensial.