Kokkekampen midt i gågata i Geilo sentrum trekkjer mykje folk. No blir den flytta til ein annan stad i sentrum. Biletet er frå fjorårets kokkekamp der Frode Aga (t.v.) vurderte rettane til sokneprest Sveinung Hansen (t.h.) og Petter Braaten (bak t.v.). I midten turistsjef Pål Knutsson Medhus.
Kokkekampen midt i gågata i Geilo sentrum trekkjer mykje folk. No blir den flytta til ein annan stad i sentrum. Biletet er frå fjorårets kokkekamp der Frode Aga (t.v.) vurderte rettane til sokneprest Sveinung Hansen (t.h.) og Petter Braaten (bak t.v.). I midten turistsjef Pål Knutsson Medhus.

Finn nye løysingar

Stengt gågate og parkeringshus får ingen konsekvensar for planlagde arrangement i Geilo sentrum.

Størst er Norsk Matglede om to månader.

– Me evnar å tenke positiv og kaste oss rundt. Me har arrangert matfestival kvart år i sentrum sidan 2004. Det blir ikkje noko unnatak i år, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plan B

15. juli vart store delar av gågata i Geilo sentrum stengt.

Årsaka er skadar i parkeringsanlegget i undergrunnen. Difor vil ikkje gågata blir opna før skadane er retta opp. Dermed kan ikkje størsteparten av gågata brukast til Norsk Matglede som blir arrangert 7.–9. oktober. Men arrangøren har ein plan B for matfestivalen og andre arrangement.

– Me har ein situasjon som gjer at gata ikkje kan brukast som planlagt. Då må me finne andre løysingar og gjer det, seier Medhus.

Arrangerer festival

Det betyr at matfestivalen kjem til å bruke andre delar av sentrum i staden.

Det same gjeld sykkelrittet Voss-Geilo 20. august. Medhus påpeikar at matfestivalen også vart arrangert utan problem under sentrumsutbygginga i 2010–2013 også.

– Me har arrangert matfestival i 14 år og arrangerte då sentrum vart bygd. Det er inga grunn til å endre på det, seier Medhus, som vil sjå framover utan å dvele for mykje ved problema i sentrum.

– Me har den situasjonen me har og får ikkje gjort noko med det. Det me får gjort noko med, er å arrangere kule arrangement.