Filma dramatikken: Her går skredet som tek to bustadhus
Her ser du korleis jordskredet i Breie i Ål feiar med seg to bustadhus tysdag kveld.
Det er ein unik dokumentasjon Lars Hammersbøen har festa til kamera. Han var på arbeid på vestsida av Strandafjorden då raset gjekk tysdag kveld klokka 20:41.
På filmen ser me raset kome frå oppe i dalsida. Når det nærmar seg tuna ser me ei grå sky som dundrar vidare nedover jordet. To bustadhus blir råka, det eine blir teke fullstendig av jordmassane, det andre blir delvis borte.
Artikkelen held fram under annonsen.
På opptaket ser me og ein bil passere gardane på Breievegen berre sekund før raset dundrar over vegen.
Såg noko i sidesynet
Lars Hammersbøen jobba saman med kollegaer i Spordrift på jernbanelinja på andre sida av Strandafjorden, rett over for Breie.
– Eg såg i sidesynet at noko skjedde på andre sida av fjorden. Så høyrde eg bulder. Dermed tok eg opp telefonen og filma, fortel Lars Hammersbøen.
Han hadde inga aning om kor dramatisk det var før det faktisk hadde skjedd.
– Me såg det raste oppe i lia. Fyrst etterpå oppdaga me at det hadde gått med hus, fortel han.
– Kva tenkte du?
– Eg vart paff. Det gjekk litt før me skjønte kva som faktisk hadde skjedd.
I kontakt med Seakingen
Hammersbøen og kollegaen heiv seg rundt og varsla AMK. Dei orienterte nødetatane om det dei hadde sett, og vart ganske raskt sett i direkte kontakt med Seaking-helikopteret som på rastidspunktet stod på bakken, ved austre avkøyring til Breie.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så letta Seakingen og flaug over raset. Då fekk me bekrefta at folk på dei to gardane hadde blitt evakuert, fortel Lars Hammersbøen.
Liv gjekk ikkje tapt, men ein bil passerte berre sekund før raset kom. Og folk var evakuert i siste liten.
Pakka saman
Det var eit sjokkerande syn, og ein uverkeleg situasjon for arbeidslaget på vestsida av fjorden. Arbeidskollegaene pakka saman og kom seg i sikkerheit ved Ål stasjon.
Det tok tid før omfanget av raset vart kjent. At det faktisk var to bustadhus vart ikkje kjent for kriseleiinga i Ål før onsdag kveld, eit døgn seinare. Fyrst fredag morgon gjekk ordførar Solveig Vestenfor ut med informasjon om at det totalt sett var tre bustadhus, ikkje to som vart tatt i skreda langs Strandafjorden denne kvelden.
Eitt lenger vest mot Kleivi, der Olaug og Halgeir Viken på uforklarleg vis kom så å seie uskadd frå det då huset dei var i vart knust til pinneved.
Og to i Breie-gardane, det fyrste der dei som budde på Søre Breie fortalde om opplevinga dagen etterpå.
Politiet har ikkje informert om at tre hus er teke av rasa.
I alt dramaet mista Ål både nett og telefonsamband som gjorde informasjonen vanskeleg det fyrste kritiske døgnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Var du kjent med at det hadde gått med to bustadhus i Breie-gardane?
– Nei, ikkje før nyheita om det i dag, seier Lars Hammersbøen.