Frå vestre avkøyring frå Rv7 i Ål tysdag ettermiddag. Store vassmengder skaper trøbbel og usikkerheit.

Cirka 100 husstandar i Ål er no evakuert: – Det er ikkje trygt å vera i området

Ål kommune har sendt ut varsel til folk i fleire byggefelt.

50 husstandar er evakuert i området ovanfor Sundre. Det same gjeld husstandar i Bergstigen-området i Gamlevegen og bebuarar nedst i Vestlia. Det bekrefta ordførar Solveig Vestenfor tysdag ettermiddag.

Tunegardane ved Strandafjorden er evakuert på grunn av flaumstore bekkar på avvegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei melding skriv kommunen at også i Leksvolvegen, Stavevegen og nedre del av Øvre Ålsvegen er det mykje vatn som finn nye vegar.

– Det er ikkje trygt å vera i området. De kan møte på Kulturhuset om de ikkje har andre plassar å vera, står det i ein SMS som gjekk ut til folk i Sundre-området.

– Evakuer, evakuer

– Er dette å forstå som ei evakuering?

– Ja, dette er eit evakueringsvarsel. Det er meldt mykje vatn og me veit ikkje korleis det kjem til å utarte seg. Det er usikkert i området, og me vil forsikre oss om at det er trygt før folk blir sendt heim. Folk blir bedt om å ta med medisinar og det som er nødvendig enn så lenge, seier ordførar Solveig Vestenfor.

Les også
Fare for meir ras langs Holsfjorden - evakuerer fleire hundre personar
Les også
Elva har teke museumsbrua - kommunen varslar meir evakuering

– Kor mange hus blir evakuert?

– Det er kring 40 husstandar i området Leksvolvegen, Stavevegen og nedre del av Øvre Ålsvegen. I tillegg er det ti husstandar i Tunegardane.

Sprengd kapasitet

– Kor blir dei innkvartert?

– Folk er bedt om å møte opp på kulturhuset. Viss dei har slekt og venner dei kan bu hos, er det bra. Og viss ikkje, har kommunen avtale med hotell og overnattingsplassar, seier Vestenfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telefonen har ikkje stått stille på Tingstugu denne tysdagen. Det er bekkar på avvege over alt.

– Mange har tatt kontakt fordi dei ønskjer hjelp til å få vatn ut av kjellarar. Det har kommunen dessverre ikkje kapasitet til å hjelpe til med akkurat no. No må me prioritere: Liv og helse er første prioritet, i tillegg må me bruke ressursane på å halde vegane opne.