Fem selskap vil konkurrere
Konkurransen om kven som skal levere luftambulanseteneste frå 2018 er i gang. Alle basane held fram som i dag.
Det er private aktørar som tek seg av ambulanseflyging i Norge. Gjennom prekvalifisering er det avgjort kva for tilbydarar som kan vere med å konkurrere om å levere ambulansehelikoptertenester frå 2018.
Dei fem tilbydarane er:
Artikkelen held fram under annonsen.
* Airlift AS
* CHC Helikopter Service AS
* Lufttransport RW AS
* Norsk Luftambulanse AS
* Scandinavian MediCopter AB
Det er Luftambulansetjenesten ANS som er ansvarleg for all luftambulanse i Norge. Selskapet er eigd av dei regionale helseføretaka, og er fullfinansiert av det offentlege.
For den nye avtaleperioden frå 2018 er det også avgjort at dagens helikopterbasar skal halde fram, heiter det i ei pressemelding frå Luftambulansetjenesten. Det skal vere ein operatør på kvar base innanfor kvar helseregion. Det vil bli innført større helikopter i Trondheim og Bergen for å kunne utføre meir avanserte medisinske oppdrag over lengre avstandar. Risiko- og sårbarheita i tenesta skal reduserast, heiter det.
Det blir vidare opna for å nytte ulike helikoptertypar nasjonalt i dei ulike regionane, mens reservekapasiteten skal bli auka gjennom fleire reservehelikopter og meir robuste vaktordningar for personellet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Konkurransegrunnlaget blir sendt dei fem tilbydarane 17. desember. Etter forhandlingar blir det først i juni 2016 avgjort kven som får kontrakten. Den nye tenesta skal vere på plass frå 1. juni 2018.