Fem personar sendt til sjukehus med luftambulanse
To bilar har kollidert på Rv7 ved Torpomoen i Ål. Fem personar er alvorleg skadde.
- Fem av dei skadde er floge til sjukehus med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Arild Alfheim ved politiet sørøst.
Fire andre er sendt til Ringerike sjukehus i bil. To av dei er lettare skadde, dei to andre er sendt dit for sjekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
I alt var ni personar involvert i ulykka, og sju av dei altså skadde.
Dei fem mest skadde vart frakta til sjukehus i tre helikopter.
Over i feil køyrefelt
Politiet fekk melding om trafikkulykka måndag klokka 16.18. To bilar hadde kollidert, og ytterlegare to bilar hadde som følgje av dette blitt involvert i ulykka.
- Me veit ikkje meir om korleis ulykka skjedde, ut over at ein bil har kome over i motsett køyrefelt og frontkollidert med ein bil. Dei andre bilane vart som følgje av dette involvert i ulykka, opplyser Arild Alfheim.
Ulykkesgruppe varsla
Statens vegesen si ulykkesgruppe er varsla og på veg til Torpo. Det same er politiets kriminalteknikarar som skal utføre politiets tekniske undersøkingar på staden.
Omkøyring
Trafikken blir dirigert om Kringlevegen, mellom Torpomoen og avkøyrsla til Torpo vest.