– Det var full semje i formannskapet, seier Helene Sagabråten (Ap).

Fekk raskt svar på alarmen: Hemsedal støttar NAV - og løyver pengar

Hemsedal - politikarane vil gi NAV Hallingdal meir ressursar.

Ap-politikaren Adnan Helja i Nesbyen slo alarm i Hallingdølen tysdag.

– Varsellampene lyser, sa Helja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han bad politikarane i Hallingdal jobbe for å auke ressursane til NAV, og ta dette opp under budsjettbehandlinga no i desember. NAV Hallingdal har stor pågang av folk som treng hjelp, og har bede om to stillingar utan å få gjennomslag administrativt i kommunane. Helja meiner at kommunane i Hallingdal må gå saman for å få auka ressursane. Det blir ikkje mykje på kvar kommune, meiner han.

Løyver pengar

Den første reaksjonen kom omgåande. I eit møte i Hemsedal formannskap/ økonomiutvalet tysdag var det samrøystes semje om at NAV skal få to stillingar. Kostnaden for Hemsedal utgjer ca. 260.000 kroner. Føresetnaden er at dei andre kommunane i Hallingdal gjer det same.

Førebygging

NAV-sjefen i Hallingdal, Bjørn Skjelseth, orienterte formannskapet og økonomiutvalet om situasjonen.

– Det er eit enkelt reknestykke. Dei som får utbetalt sosialhjelp treng også oppfølging for å førebygge at dei skal gå på sosialhjelp over lang tid, seier formannskapsmedlem og kommunestyrerepresentant Helene Sagabråten (Ap).

I tillegg har kommunane teke i mot mange flyktningar, til saman 250 i heile Hallingdal, påpeikar ho. Det merkar ein også på NAV.

Auka saksmengde

Ho seier det var tverrpolitisk semje i Hemsedal formannskap om å prioritere auka ressursar til NAV Hallingdal. Berre i Hemsedal har det vore ein auke i saker som omhandlar sosialhjelp i år på 40 prosent og i hele Hallingdal er saksmengda auka med nærmare 60 prosent.

– Auka kostnader gjer at det er fleire som slit. Skal ein kunne hjelpe dei må ein ha folk til å hjelpe. Eg vil også knyte dette til oppvekstreforma der kommunane skal bli betre til å fange opp dei utsette barnefamiliane. NAV får ein viktig rolle her, seier Helene Sagabråten.

Les også
«Petter Uteligger» med på premieren: – Dette er eit fantastisk arrangement
Les også
Fleire fattige i Hallingdal: – Eg skulle jo gjerne besøkt barnebarna, men eg har ikkje råd
Les også
Kraftig auke i pågangen hos NAV: – Det er store mengder, og det utfordrar oss