Å prate i mobiltelefonen mens ein køyrer bil kan bli kostbart.
Å prate i mobiltelefonen mens ein køyrer bil kan bli kostbart.

Fekk bot for mobilbruk

Ein bilførar vart avslørt på Rv7.

I ein kraftig politikikkert såg ein politimann at bilføraren i slutten av 50-åra prata i mobiltelefonen mens han køyrde.

Då bilføraren vart stoppa på ein kontrollpost på Geilo, nekta han å vedta eit førelegg. Han hevda at han ikkje heldt mobiltelefonen mot øyra, men at han støtta hovudet med høgre hand eller at han klødde seg i hovudet. Han meinte at politimannen som såg han i kikkerten nokre hundre meter før kontrollposten kan ha tolka det som at han brukte mobiltelefonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal tingrett trudde på forklaringa til politimannen, og dømde bilføraren til å betale 2000 kroner i bot. I tillegg må han betale 1000 kroner i sakskostnader.