Fare for meir ras langs Holsfjorden - evakuerer fleire hundre personar
Klokka 15 sende politiet ut varsel om evakuering i Hol. Samtidig gjekk det eit nytt stort skred vest for Hagafoss.
Alle som bur i området mellom Hagafoss og Holet skal straks evakuere ut av området, skriv politiet i ei SMS-varsling.
Folk som oppheld seg aust for Seimsbrua skal møte ved Bygdahall på Hagafoss, og alle vest for brua skal møte ved Helling kafe i Hol sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
300-400 personar
– Det er geologane som har tatt den faglege vurderinga, i samarbeid med Hol kommune. Dei fryktar at det kan gå nye skred, seier politistasjonssjef Brit Fyksen.
Ordførar Petter Rukke fortel at kring det bur 3-400 menneske i dette området. Samtidig som politiet sende ut varsel, gjekk det eit nytt skred.
– Eg veit ikkje meir enn at det var eit større skred. Straumen har gått i kommunehuset, men eg veit ikkje om det har samanheng med skredet, seier Rukke.
Sea King
På meldingstenesta X skriv politiet at fire personar, som var sperra inne av raset, er henta ut med redningshelikopter.
Ordførar Petter Rukke opplyser at kommunen hadde eit Sea King-helikopter i beredskap, men klokka 15.20 kunne han fortelje at helikopteret hadde reist frå Hol for å hjelpe til i eit skredområde i Valdres.