Får tilbod om skuleplass
Hovudinntaket til dei vidaregåande skulane i Buskerud er gjennomført.
9067 søkjarar har fått tilbod om skuleplass.
663 søkjarar med lovbestemt rett til vidaregåande opplæring, såkalla ungdomsrett står utan tilbod. Søkjarane har med nokre unntak ikkje fått tilbod om skuleplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det betyr at 81,4 prosent av ungdommane har fått tilbod om skuleplass etter fyrste ønskje medan 87,1 prosent har fått tilbod om ønska programområde. Det er 410 ledige skuleplassar etter hovudinntaket. Fristen for å svare på tilbodet om skuleplass er 15. juli. Dersom ein ikkje svarar på tilbodet, anten det gjeld skuleplass eller venteliste, blir det rekna som nei og tilbodet vil gå til ein annan søkjar. Neste inntak er 6. august.