Tid kafé og landhandel: F.v. dagleg leiar Ingunn Solberg Skalle og stiftar Hilde Kirkebøen.

Får telefonar frå heile landet om måten dei jobbar på: – Det er ikkje det økonomiske som driv oss

Den viktigaste suksessfaktoren til Tid kafé og landhandel er folka.

– Udiskutabelt, seier dagleg leiar Ingunn Solberg Skalle.

– Det vrenger seg i meg om nokon seier noko anna. Dette er laginnsats på eit nivå eg ikkje har vore borti før. Me jobbar for noko som eg skulle ynskje fleire såg verdien av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kafé TID starta opp i 2017 då diakonen i Ål, Hilde Kirkebøen fylte eit behov frå kommunen som trong ein arena for å drive språk- og arbeidspraksis gjennom NAV. Kyrkja var då eigar av kafeen. Men etter kvart var draumane og visjonane større. Dei fekk eit nytt og større lokale, og endra namn til TID kafé og landhandel, og Skalle kom inn som dagleg leiar. Det vart også oppretta ei stifting, TID stiftelsen.

Tid kafé og landhandel

Stifta: I september 2019

Tilsette: Fem fast tilsette

Kommune: Ål

– Poenget er ikkje at me skal tene dei store pengane. Det skal sjølvsagt gå rundt. Det er ikkje det økonomiske, men heller det ideologiske som driv oss. Me er opptekne av samskaping, at me gjer dette i lag. Det blir fjernt å tenke pengar når du kvar dag ser kva som betyr noko i livet.

Kafe Tid på Arendalsuka i fjor. F.v. Hilde Kirkebøen, statsråd Kjersti Toppe, Ingunn Solberg Skalle, Kristine Giljebrekke Andersen

Plass og takhøgd

No er dei fem fast tilsette, og fleire ringevikarar. Skalle trur styrken er at dei som jobbar der har ulike bakgrunn og erfaring. Det har også juryen for næringsprisen merkt seg. Dei trekker fram arbeidet med inkludering og mangfald, og at bedrifta gir arbeidspraksis/arbeidstrening, som ein av grunnane til nominasjonen.

– Me skal vere ein trygg arbeidsplass for dei som vil ut i jobb, og ein god plass for dei busette flyktningane som startar hos oss. Me har samarbeid med flyktningtenesta i kommunen, så dei kan starte hos oss samtidig med språkopplæring. Dei lærer både norsk arbeidsliv og språk.

Tid kafé og landhandel ligg i Ål sentrum.

Dei er opptekne av at alle folk har ein verdi, anten ein er kunde eller tilsett. Det skal ikkje vere skilnad på ein stortingspresident eller nokon med eit trøblete liv.

Desse er nominert:

Bygg Team AS (Gol)

Elektroservice Hallingdal Installasjon AS (Ål)

TID kafé og landhandel AS ( TID stiftelsen) (Ål)

Topcamp Hallingdal AS (Ål)

Vidju Holding AS (Geilo)

Hendug Bygg AS (Ål)

Fjellmøbler (Ål)

Som dagleg leiar skulle Ingunn Solberg Skalle ynskje fleire fekk sjansen til å vise at dei har ein plass i arbeidslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har sett eksempel på folk som var på veg mot å bli uføre, men som har kome seg i jobb ved hjelp av kafeen. Når du får slike folk i jobb, vil du aldri få meir lojale arbeidstakarar. Det er gull verdt for ein arbeidsgjevar, og det skulle eg ynskje fleire såg. Kanskje det tek litt meir tid i starten, men alle får att for det på sikt.

Tid for framtida

Kafeen og stiftinga har eksistert i dryge tre år. Skalle trur dei har funne ei form på det slik dei driv no. Med fokus på takhøgd og kvalitet. Måten dei jobbar på har fått merksemd, seinast då dei vart invitert på Arendalsuka i fjor. Stadig får dei telefonar frå andre kantar av landet, som vil lære av dei, og jobbe på same måten.

– Kafeen blir nok aldri heilt ferdig, me elskar å finne på nye ting. Og «TID-miljø» er måten me jobbar med folk på. Den har me så vidt begynt å jobbe med. Me vil endre samfunnet og systemet, ha eit rausare og meir inkluderande samfunn.

Næringsprisen:

* Blir delt ut på Hallingdalskonferansen i august kvart år.

* Ein jury plukkar ut bedrifter frå Hallingdal som kandidatar, og du kan vera med og kåre vinnaren. Avstemminga startar i august, på Hallingdølens nettsider.

* Dei nominerte kan vise til god utvikling, vekst og lønsemd, evne til nyskaping, og eit godt omdømme i Hallingdal.

Desse har vunne tidlegare:

2021- Vinn AS

2020 – Defa AS

2019 – Høgevarde AS

2018 – Hallingdal Hytteservice

2017 – Geilo-Gruppen

2016 – Hallingdal Sjukestugu

2015 – Hallingdølen

2014 – Hallingplast

Nominasjonen kom på ei tekstmelding då Skalle var på ferie.

– Eg tenkte fyrst «Hæ, er det sant?». Den tanken har aldri slått oss. Men det var utruleg kjekt å gi beskjeden til dei tilsette. Det er ikkje min, men vår alles nominasjon, seier ho.

Her kan du vere med og avgjera kven som vinn Næringsprisen: