Får prøvd seg i trygge rammer
Sidan 2016 har tilsette i både private- og offentlege verksemder blitt kursa i glattkøyring på Torpomoen.
– Eg har blitt tryggare på vinterføre no, etter å ha vore her. Seinast kring jul opplevde eg å få skrens på bilen på Rv7. Men på grunn av dette kurset greidde eg å få kontroll på bilen att - og samstundes ikkje få panikk, fortel Patricia Wischmeyer.
Kvir seg for å køyre på glatta
Til dagleg jobbar ho i heimetenesta i Ål kommune. Ho har alt vore på glattkøyringskurs på Torpomoen fleire gonger, men har kome tilbake for å friske opp att kunnskapen. Med seg har ho kollegaene Sigita Greiciuviene og Silvia Herrero.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var litt stressa før me kom i gang. Men det er artig å få prøvd seg. Ikkje minst er det lærerikt, seier Greiciuviene.
På jobb i heimetenesta hamnar dei stadig borti dårleg strøydde stikkvegar og elles krevjande køyreforhold. Dei fortel om kollegaer som kvir seg for å køyre utvalde plassar - og korleis det dermed kan bli vanskeleg å få gjort det ein skal. Såleis burde oppfrisking på glattkøyringskurs vera eit fast tilbod kvar vinter, meiner dei.
Testar grenser
Gaute Holtbakk og Colin Wenig jobbar i avdelinga for heimesjukepleie i Hol. Også dei har tatt turen til Torpomoen for å prøve seg på glattisen.
– Det som er bra her er at ein får prøvd seg i trygge rammer, og ein får testa grenser, seier Holtbakk.
Kursdeltakarane får både teoretisk og praktisk opplæring i korleis ein best kan handtere bilen på glatt føre. Mellom anna får dei sjå korleis ulike førarstøttesystem hjelper føraren med å halde kontroll på bilen, og korleis ein bør køyre for å «samarbeide» med desse systema.
Verdifull læring
Det er Torpomoen Drift som driftar glattkøyringsbanen på jordet mellom Torpomoen og Øyni konferansesenter i Ål. Kommunalt tilsette er berre ei av mange grupper som har vore innom etter at banen stod klar i 2016. Også blålysetatane har testa grenser med eigne køyretøy her. Det same har også andre tilsette i både offentlege og private verksemder.
– Me har køyrt alle dei tunge brann- og tankbilane på banen her. Mange fekk ei aha-oppleving knytt til tyngde og glatt føre. Det er store krefter i sving når ein får sladd på ein tankbil, eller når det slepper i ein sving, seier Kjell Arne Liahagen, ved Hallingdal brann- og redningsteneste.
Høgrisikogrupper
Denne vinteren har Torpomoen Drift særleg fokus på kursing av såkalla «høgrisikogrupper» i trafikken, altså førarar som jamt over er overrepresentert på ulykkesstatistikken. Dette gjeld til dømes ungdom, eldre og innvandrarar frå ikkje-vestlege land.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle kan nyte godt av eit slikt kurs. Men no tek me særleg tak i grupper med førarar som ein ser at er oftare involvert i ulykker enn andre, seier Jørund Li, dagleg leiar i Torpomoen Drift.
I tillegg arrangerer dei kurs for dei som måtte ynskje det - både bedrifter og privatpersonar. Instruktørane er høgt kvalifiserte, og har lang erfaring med mellom anna opplæring av utrykkingssjåførar.
– Me har fått mykje gode tilbakemeldingar på kursa så langt, seier Li. - Det er god læring berre å vera på glattisen med bil, for å prøve seg fram. Men her får folk i tillegg god teoretisk innføring, legg han til.
Dei komande fem åra har dei mål om å kurse 300 førarar årleg. Med seg i ryggen har dei også mellom anna nødetatar, NAF og lokale aktørar i forsikringsbransjen. Glattkøyringskursa er også delvis finansiert av lokale forsikringsselskap og kommunane i Hallingdal.