Faneberar med broten arm
Det var umogleg å spele waldhorn med brekt arm 17. mai. Men Even Noreng (14) gav seg ikkje så lett.
For då Nesbyen Skolekorps begynte på den lange marsjen tidleg om morgonen på nasjonaldagen, hadde Even overteke som faneberar. Ein jobb som vanlegvis vaksne tek seg av.
Tung jobb
Med venstrearmen i gips tok han eit skikkeleg tak med høgre arm rundt stonga på fana.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er tungt, eg kjenner det litt ryggen, seier Even då han tek ein pust i bakken etter at barnetoget hadde kome fram til kyrkja litt før klokka elleve. Då hadde han og korpset alt vore i gang i fleire timar.
Even brekte armen då han ramla på ski. Han såg føre seg ein nasjonaldag der han ikkje kunne spela. Og slik vart det.
– Eg kunne ha marsjert utan horn. Det ville ha vore dumt, seier Even.
Overtok fana
Men då faneberaren måtte overta stortromma opna moglegheita seg. Even vart faneberar i staden. Bak lensmannen og ordføraren gjekk han i stram marsj i spissen for skulekorpset med heile 50 musikarar.
– Det er jo litt surt å ikkje få spele, og så er det rart å gå først og høyre korpset spele bak meg, smiler han.
Even stortrivst i Nesbyen Skolekorps. Eit stort skulekorps som nesningane er stolte av. Her har han spelt i fleire år, og han har ingen planar om å gi seg. Men neste år er han på plass med waldhornet att, litt lenger bak i korpset. For då skal han spela – berre han ikkje går på snørra att.