Færre ledige i Hallingdal
162 personar er registrert som arbeidsledige i Hallingdal ved utgangen av juni, ein nedgang på 13 frå mai.
For dei fleste kommunane er dette ein nedgang frå månaden før. Berre Ål har ein auke i talet på ledige med ein person mot månaden før, og ti fleire enn same tid året før.
Kommunevis:
Artikkelen held fram under annonsen.
Tala fordeler seg slik:
* Flå: 9 ledige. (minus 5 frå mai)
* Nes: 26 ledige. (minus 2)
* Gol: 32 ledige. (minus 4)
* Hemsedal: 33 ledige. (Same som mai)
* Ål: 35 ledige. (1 meir)
* Hol: 27 ledige. (minus 3)
I tillegg har Nore og Uvdal 16 arbeidsledige, noko som er ein nedgang på seks frå mai.
I fylket
I Buskerud var det ved utgangen av juni registrert 4 187 heilt ledige personar, ein auke på 72 personar samanlikna md. same tid i fjor. Arbeidsløysa i Buskerud er på 2,9 prosent av arbeidsstyrken. For landet under eitt er arbeidsløysa 2,8 prosent.