Færre arbeidsledige
Arbeidsløysa er førebels ikkje noko stort problem i Hallingdal.
Statistikken for oktober syner at arbeidsløysa har gått ned samanlikna med oktober for eitt år sidan. I Buskerud er det registrert 4096 arbeidsledige som er 2,8 prosent av arbeidsstyrken. På landsbasis er tilsvarande tal 2,7 prosent.
Hallingdal og Nore og Uvdal har langt lågare arbeidsløyse, og Nes, Gol og Hemsedal kan notere seg ein klar nedgang i lediggangen samanlikna med situasjonen for eitt år sidan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her er dei lokale tala, med talet på arbeidsledige, prosent av arbeidsstyrken og endring frå året før:
* Flå: 10, 1,9 %, + 1
* Nes: 27, 1,5 %, - 13
* Gol: 26, 1,0 %, - 21
* Hemsedal: 22, 1,6 %, - 15
* Ål: 46, 1,8 %, + 13
* Hol: 37, 1,5 %, + 4
* Nore og Uvdal: 22, 1,6 %, + 7